Psalms 118NO1938N

1Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg!

2Israel segje: Hans miskunn varer æveleg!

3Arons hus segje: Hans miskunn varer æveleg!

4Dei som ottast Herren, segje: Hans miskunn varer æveleg!

5Ut or trengsla ropa eg på Herren; Herren svara meg og førde meg ut i det frie.

6Herren er med meg, eg reddast ikkje; kva kann menneske gjera meg?

7Herren er med meg og hjelper meg, og eg skal sjå med lyst på dei som hatar meg.

8Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneske.

9Det er betre å fly til Herren enn å lita på hovdingar.

10Alle heidningar kringset meg; i Herrens namn skal eg hogga dei ned.

11Dei kringset meg, ja, dei kringrenner meg; i Herrens namn skal eg hogga dei ned.

12Dei kringset meg som bior, dei sloknar som eld i klunger; i Herrens namn skal eg hogga dei ned.

13Hardt støytte du meg so eg skulde falla; men Herren hjelpte meg. /

14Herren er min styrke og lovsong, og han vart meg til frelsa.

15Fagnadrop um frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk.

16Herrens høgre hand upphøgjer, Herrens høgre hand gjer storverk.

17Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja Herrens gjerningar.

18Hardt tukta Herren meg, men til dauden gav han meg ikkje.

19Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom dei, eg vil prisa Herren.

20Dette er Herrens port; dei rettferdige skal ganga inn gjenom den.

21Eg vil prisa deg for di du svara meg og vart meg til frelsa.

22Den steinen som byggjarane vanda, hev vorte hyrnestein.

23Det er Herren sjølv som hev gjort det so; for oss er det eit stort under.

24Dette er dagen som Herren hev gjort; lat oss fegnast og gleda oss no!

25Å Herre, frels då! Å Herre, lat det då lukkast!

26Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Me velsignar dykk frå Herrens hus.

27Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret!

28Du er min Gud, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg.

29Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 118.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.