Psalms 115NO1938N

1Ikkje oss, Herre, ikkje oss, men ditt namn gjeve du æra for di miskunn, for din truskap skuld!

2Kvifor skal heidningane segja: Kvar er no deira Gud?

3Vår Gud er då i himmelen; alt det han vil, det gjer han.

4Deira avgudar er sylv og gull, eit verk av mannehender.

5Dei hev munn, men talar ikkje; dei hev augo, men ser ikkje;

6dei hev øyro, men høyrer ikkje; dei hev nos, men luktar ikkje.

7Med sine hender kjenner dei ikkje, med sine føter gjeng dei ikkje; dei hev ikkje mål i strupen.

8Som dei sjølve er, vert dei som lagar dei, alle som set si lit til dei.

9Israel, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.

10Arons hus, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.

11De som ottast Herren, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.

12Herren kom oss i hug; han skal velsigna, han skal velsigna Israels hus, han skal velsigna Arons hus,

13han skal velsigna dei som ottast Herren, dei små med dei store.

14Herren late dykk aukast, dykk og dykkar born!

15Velsigna vere de av Herren, han som skapte himmel og jord!

16Himmelen er Herrens himmel, men jordi hev han gjeve mannsborni.

17Dei daude lovar ikkje Herren, ingen av dei som stig ned i helheims-stilla.

18Men me skal lova Herren frå no og til æveleg tid. Halleluja!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 115.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.