Psalms 114NO1938N

1Då Israel drog ut or Egyptarland, Jakobs hus frå eit folk med framand tunga,

2då vart Juda hans heilagdom, Israel hans rike. /

3Havet såg det og flydde, Jordan drog seg attende.

4Fjelli hoppa som verar, haugane som lamb.

5Kva hev hendt deg, hav, at du flyr, du Jordan, at du dreg deg attende,

6de fjell, at de hoppar som verar, de haugar som lamb?

7For Herrens åsyn må du skjelva, jord, for Jakobs Guds åsyn,

8han som gjer berget til ein vassrik sjø, harde steinen til ei vasskjelda!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 114.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.