Psalms 110NO1938N

1Av David; ein salme. / Herren sa til min Herre: Set deg ved mi høgre hand, til dess eg fær lagt dine fiendar til skammel for dine føter!

2Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar!

3Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg, som dogg or fanget på morgonroden.

4Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.

5Herren ved di høgre hand knasar kongar på sin vreide-dag.

6Han held dom millom heidningane, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord.

7Or bekken drikk han på vegen, difor lyfter han hovudet høgt.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 110.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.