1Til songmeisteren; av David, ein salme. / Min lovsongs Gud, teg ikkje!
2For dei hev late upp sin ugudlege og falske munn imot meg, dei hev tala med meg med ljugartunga.
3Med hatfulle ord hev dei kringsett meg og ført strid imot meg utan årsak.
4Til løn for min kjærleik stod dei imot meg, endå eg berre bed.
5Dei la vondt yver meg til løn for godt og hat til løn for min kjærleik.
6Set ein ugudleg yver han, og lat ein klagar standa ved hans høgre hand!
7Når han vert dømd, so lat han ganga skuldig ut, og lat hans bøn verta til synd!
8Lat hans dagar verta få, lat ein annan få hans embete!
9Lat hans born verta farlause og kona hans enkja,
10og lat hans born flakka ikring og beda seg, lat dei ganga som tiggarar frå sine øydelagde heimar!
11Lat okerkaren kasta garn ut etter all hans eigedom, og framande rana det han hev streva i hop!
12Lat han ikkje finna nokon som hyser miskunn imot han, og lat ingen ynkast yver hans farlause born!
13Lat hans framtid verta avskori, deira namn verta utstroke i andre ættleden!
14Hans fedra misgjerning vere i minne hjå Herren, og syndi åt mor hans verte ikkje utstroki!
15Dei vere alltid for Herrens augo, og han rydje deira minne ut av jordi,
16av di han ikkje kom i hug å gjera miskunn, men forfylgde ein mann som var fatig og arm og sorgfull i hjarta, og vilde drepa han.
17Han elska forbanning, og ho kom yver han; han lika ikkje velsigning, og ho heldt seg langt burte frå han;
18han klædde seg i forbanning som sin klædnad, og ho trengde som vatn inn i hans liv og som olje i hans bein.
19Lat henne vera han til ei kåpa som han sveiper seg i, og til eit belte som han alltid bind um seg!
20Dette vere løni som Herren gjev mine motstandarar og dei som talar vondt imot mi sjel!
21Og du, Herre, Herre, gjer vel imot meg for ditt namn skuld! Etter som di miskunn er god, so berga meg!
22For arm og fatig er eg, og mitt hjarta er gjenomstunge i meg.
23Som ein skugge, når han lengjest, kverv eg burt; eg vert jaga burt som ein grashopp.
24Mine kne er ustøde av fasta, og holdet skrøkk og misser feita.
25Og eg hev vorte til spott for dei; når dei ser meg, rister dei på hovudet.
26Hjelp meg, Herre min Gud, frels meg etter di miskunn,
27so dei må kjenna at dette er di hand, at du, Herre, hev gjort det!
28Dei forbannar, men du velsignar; dei stend upp, men vert skjemde, og din tenar gled seg.
29Mine motstandarar skal klæda seg i skjemsla og sveipa seg i si skam som i ei kåpa.
30Eg vil takka Herren storleg med min munn, og midt imillom mange vil eg lova han;
31for han stend på høgre sida åt den fatige og vil frelsa han frå dei som dømer hans sjel.