Psalms 1NO1938N

1Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar,

2men som hev si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.

3Han er lik eit tre som er planta ved rennande bekker, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med.

4Ikkje so er det med dei ugudlege; men dei er lik agner, som vinden føykjer burt.

5Difor skal dei ugudlege ikkje standa seg i domen, og syndarar ikkje i samlingi av dei rettferdige.

6For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.