Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Numbers 36

:
Norwegian - NO1938N
1 Husfedrene i ætti etter Gilead, som var son åt Makir, Manasses son, og høyrde til Josefs-ættene, gjekk fram og tala so til Moses og styresmennene, ættehovdingane åt Israels-borni:
2 Herren hev sagt at du, herre, skal byta landet i luter og lata Israels-borni kasta lut um dei, og han hev sagt at du skal lata døtterne åt Selofhad, bror vår, eigedomen etter far sin.
3 Men vert no dei gifte med menner av dei andre Israels-ættene, so gjeng eigedomen deira ifrå vår ætt, og jordi åt den ætti dei kjem inn i, aukar, men vår ættejord minkar.
4 Og når jubelåret kjem hjå Israels-borni, so vert eigedomen åt desse gjentone lagd til den ætti som dei hev kome inn i, og teken ifrå vår ætt.
5 tala Moses til Israels-borni, so som Herren hadde sagt han fyre: Det er rett som Josefs-ætti segjer.
6 Høyr no kva Herrens vilje er med døtterne åt Selofhad: Dei kann gifta seg med kven dei vil, men det lyt vera innan fedreætti deira.
7 For ingen eigedom hjå Israels-borni ganga yver frå ei ætt til ei onnor. Alle Israels-borni skal halda eigedomen åt fedreætti si.
8 Og kvar ei dotter som erver jord i eit av Israelsfylki, lyt gifta seg med ein frå same fylket, so kvar Israels-son kann erva odelsjordi etter federne sine,
9 og ingen eigedom skal ganga yver frå ei ætt til ei onnor, men alle Israels-ættene halda eigedomen sin.
10 Og døtterne åt Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses.
11 Mahla og Tirsa og Hogla og Milka og Noa, alle døtterne åt Selofhad, gifte seg med søner åt farbrørne sine;
12 med menner som var ætta frå Manasse, son åt Josef, gifte dei seg, so odelen deira kom til å fylgja den ætti dei høyrde til.
13 Dette er dei bodi og lovene som Herren let Moses kunngjera for Israels-borni Moabmoane ved Jordanelvi, midt for Jeriko.