1Og Herren tala til Moses på Moabmoane ved Jordan, midt for Jeriko, og sa:
2Seg til Israels-borni: De skal gjeva levitane byar til bustad i det landet de kjem til å eiga, og utmarki som ligg ikring, skal de og lata levitane få.
3Byane skal dei hava til å bu i, og utmarki som høyrer til, skal vera til beite for kløvdyri og feet og all buskapen deira.
4Utmarki som de gjev levitane, skal nå tusund alner ut ifrå bymuren rundt ikring.
5Utanfor byen skal de mæla upp tvo tusund alner på austsida og tvo tusund alner på sudsida og tvo tusund alner på vestsida og tvo tusund alner på nordsida, og byen skal liggja midt i; det skal vera bymarkene deira.
6Dei byane som de gjev levitane, skal vera dei seks fredstadene som dråpsmenner kann røma til, og attåt dei skal de gjeva tvo og fyrti andre byar.
7I alt skal de gjeva levitane åtte og fyrti byar med beitemarkene som høyrer til.
8Og av dei byane som de gjev dei av eigedomen åt Israels-borni, skal dei taka fleire frå den ætti som hev mykje land, og færre frå den som hev lite. Kvar skal gjeva levitane byar etter som dei hev fenge land til.
9Og Herren tala til Moses og sa:
10Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de hev fare yver Jordan og kome inn i Kana'anslandet,
11so lyt de velja dykk ut nokre byar som de skal hava til fredstader, so ein dråpsmann som uviljande hev drepe nokon, kann røma dit.
12Dei byane skal vera dykk til ei trygd mot den som vil hemna dråpet, so dråpsmannen ikkje skal lata livet fyrr han hev stade til doms for lyden.
13Dei byane som de gjev til fredstader, skal vera seks i talet.
14Tri av dei skal vera på hi sida av Jordan og tri i Kana'anslandet; fredstader skal dei vera.
15Både for Israels-borni og for dei framande og innflutte som bur millom dei, skal desse seks byane vera til ei livd, so den som uviljande hev drepe nokon, kann røma dit.
16Den som slær ein med eit jarnhandyvle so han døyr, han er ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
17Tek nokon ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og slær ein med so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
18Tek nokon eit trehandyvle som han kann drepa folk med, og slær ein med det so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
19Blodhemnaren kann slå manndråparen i hel; so snøgt som han finn han, kann han slå han i hel.
20Dersom nokon støyter til ein av hat eller kastar noko på han med vilje so han døyr,
21eller av fiendskap slær med neven so han døyr, so skal den som gjorde det, lata livet; han er ein manndråpar, og blodhemnaren kann slå han i hel so snøgt han finn han.
22Men dersom nokon støyter til ein av vanvare, utan fiendskap, eller kastar einkvar tingen på han mot sin vilje,
23eller råka han med ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og ikkje ser han, og han døyr av det, men dråpsmannen ikkje var hans uven eller vilde han vondt,
24då skal lyden døma millom dråpsmannen og blodhemnaren etter desse lovene.
25Og lyden skal verja dråpsmannen for blodhemnaren og føra han attende til fredstaden som han hadde rømt til, og der skal han vera til øvstepresten, han som er salva med den heilage oljen, er avliden.
26Men kjem dråpsmannen utum fredstaden som han hev tydt til,
27og blodhemnaren råkar han der - utanfor fredstaden - og slær han i hel, so skal det ikkje reknast for manndråp;
28for dråpsmannen lyt halda seg i fredstaden sin til øvstepresten er avliden; då fyrst kann han fara heim att til den bygdi der han hev eigedomen sin.
29Dette skal gjelda for lov og rett hjå dykk alle tider og alle stader.
30Hev nokon gjort manndråp, so skal han lata livet, so framt det er vitne mot han; men etter ein manns vitnemål må ingen dømast frå livet.
31De må ikkje taka imot løysepengar for livet åt ein som er saka i manndråp og dømt til dauden, han skal lata livet.
32Og de må ikkje taka imot løysepengar for ein som hev tydt til ein fredstad, og lata han koma ut att og bu ein stad i landet fyrr presten er avliden.
33De skal ikkje vanhelga det landet de bur i; for blod vanhelgar landet, og landet fær ikkje soning for blodet som hev runne der utan med blodet av den som rende det ut.
34De skal ikkje gjera det landet de bur i, ureint, det landet som eg hev min bustad i; for eg er Herren, som hev bustaden min millom Israels-borni.