Nehemiah 4NO1938N

1Då Sanballat fekk høyra at me var åt og bygde på muren, vart han harm og ovleg arg. Han spotta jødane

2og tala soleis til brørne og stridsfolket i Samaria: Kva er det desse vesale jødane driv på med? Skal dei hava lov til slikt? Skal dei få bera fram offer? Skal tru dei fær fullført verket i dag? Skal tru dei vil blåsa liv i steinane frå grushaugane endå dei longe er uppbrende?

3Og Tobia ammoniten, som stod innmed han, sa: Lat dei byggja so mykje dei vil - berre ein rev hoppar uppå, kjem han til å riva ned muren deira!

4Høyr, vår Gud, korleis me hev vorte hædde! Lat deira spott koma attende på deira eige hovud, og laga det so at dei vert hertekne og lyt sitja fangar i eit anna land!

5Løyn ikkje misgjerningi deira, og lat ikkje syndi deira verta utstroki for ditt åsyn! For dei hev krenkt deg medan byggjarane lydde på deg.

6So bygde me då på muren, og heile muren vart ihopskøytt upp til halve høgdi. Og folket hadde godt mod på arbeidet.

7Men då Sanballat, Tobia og arabarane og ammonitane og Asdod-mennene fekk høyra at me heldt på med å bøta Jerusalemsmurane, og at rivnone tok til fyllast, vart dei brennande harme.

8Dei slo seg i hop alle saman um å koma og strida mot Jerusalem og skipla arbeidet for folket.

9Då bad me til vår Gud og sette ut vaktar mot dei dag og natt, so me kunde vara oss for det.

10Men jødane sa: Makti tryt hjå berarane, og grushaugane er for store; me orkar ikkje byggja på muren lenger.

11Og uvenene våre sa: Dei må ingen ting gå og ingen ting sjå fyrr me stend midt imillom dei og høgg dei ned og soleis gjer ende på arbeidet.

12Då so dei jødane som budde tett attmed dei, kom frå alle kantar og sa til oss, og det visst ti gonger: De lyt koma attende til oss,

13då let eg folket stella seg upp i lægdene attanfor muren, på dei opne plassane; eg let dei fylka seg etter ættene sine med sverdi og spjoti og bogane sine.

14Då eg såg dei stod fylkte, steig eg fram og sa til stormennene og forstandarane og til hitt folket: Ikkje ver redde dei! Tenk på Herren, den store og agelege, og strid for brørne dykkar, sønene og døtterne dykkar, konone dykkar og heimane dykkar!

15Då fiendane våre fekk spurt at me visste kva dei emna på, og at Gud hadde gjort rådi deira til inkjes, vende me alle att til muren, kvar til sitt arbeid.

16Frå den dagen dreiv berre helvti av sveinane mine på med arbeidet, medan hi helvti stod der med spjoti og skjoldane og bogane og brynjone sine, og hovdingane stod bak heile Juda-folket.

17Dei som bygde på muren, og berarane med byrdane sine, de gjorde arbeidet sitt med den eine handi, og med hi heldt dei verja;

18byggjarane hadde alle sverdet sitt spent um livet medan dei bygde; og lurblåsaren stod innmed meg.

19Eg sa til stormennene og forstandarane og til hitt folket: Arbeidet er drjugt og vidsveimt, og me er spreidde på muren langt frå kvarandre.

20Der som de høyrer luren ljomar, der skal de samla dykk hjå oss. Vår Gud vil strida for oss.

21So dreiv me då på med arbeidet medan helvti av folket stod der med spjoti sine, frå morgonroden rann og til stjernone kom fram.

22På same tid sa eg til folket: De lyt halda dykk i Jerusalem med natti alle mann - både de og sveinane dykkar - so me kann hava dykk til vakt um natti og til arbeid um dagen.

23Sjølve kom me aldri or klædi, korkje eg eller brørne og sveinane mine eller vaktmannskapet, som fylgde meg; kvar mann hadde verja si hjå seg og vatn i hand.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Nehemiah 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.