Nehemiah 3NO1938N

1Eljasib, øvstepresten, og brørne hans, prestane, gjekk no i veg og bygde Saueporten; dei vigde han og sette inn dørene. So heldt dei fram til Meatårnet - det vigde dei og - og til Hananeltårnet.

2Jamsides med dei bygde Jeriko-mennene og jamsides med dei Sakkur Imrison.

3Sena'a-borni bygde Fiskeporten; dei timbra han upp og sette inn dører med lås og slåer.

4Jamsides med dei arbeidde Meremot, son åt Uria Hakkosson, jamsides med han Mesullam, son åt Berekja Mesesabelsson, og jamsides med han Sadok Ba'anason.

5Jamsides med dei arbeidde Tekoa-folket; men stormennene deira bøygde ikkje nakken under arbeidet for Herren sin.

6Jojada Paseahsson og Mesullam Besodjason vølte Gamleporten; dei timbra han upp og sette inn dører med lås og slåer.

7Jamsides med dei arbeidde Melatja, gibeoniten, og Jadon, meronotiten, med mennene frå Gibeon og Mispa, som sokna under domstolen åt landshovdingen på hi sida elvi.

8Jamsides med dei arbeidde Ussiel Harhajason, ein gullsmed, og jamsides han Hananja, ein av salvelagarane. Det neste stykket av Jerusalemsmuren let dei vera, alt burt til Breidemuren.

9Jamsides med dei arbeidde Refaja Hursson, som var hovding yver halve Jerusalemskverven.

10Jamsides med han arbeidde Jedaja Harumafsson, midt for sitt eige hus, og jamsides med han Hattus Hasabnejason.

11Eit anna stykke vart vølt av Malkia Harimsson og Hassub Pahat-Moabsson; dessutan vølte dei Omnstårnet.

12Jamsides med dei arbeidde Sallum Hallohesson, hovdingen yver hi helvti av Jerusalemskverven, og saman med han døtterne hans.

13Dalporten vart vølt av Hanun og Sanoah-buane; dei bygde han upp att og sette inn dører med lås og slåer; dei bygde og tusund alner av muren, alt burt til Møkporten.

14Og Møkporten vart vølt av Malkia Rekabsson, hovdingen yver Bet-Hakkerems-kverven; han bygde porten upp att og sette inn dører med lås og slåer.

15Kjeldeporten vart vølt av Sallun Kol-Hoseson, hovdingen yver Mispakverven; han bygde porten upp att og tekte han og sette inn dører med lås og slåer; han bygde og muren frammed Selahdammen ved kongshagen, alt burt til den troppi som gjeng ned frå Davidsstaden.

16Etter han arbeidde Nehemias Asbuksson, som var hovdingen yver halve Betsurkverven, til midt for Davids-gravene og til den gravne dammen og til kjempe-huset.

17Etter han arbeidde levitane under Rehum Banison, og jamsides med han Hasabja, som var hovdingen yver halve Ke'ilakverven, for kverven sin.

18Etter han arbeidde brørne deira under Bavvai Henadadsson, hovdingen yver hi helvti av Ke'ilakverven.

19Jamsides med han vølte Eser Josvason, hovdingen yver Mispa, eit anna stykke, frå midt for uppgangen til våpenhuset i Vinkelen.

20Etter han vølte Baruk Sabbaison med stor ihuge eit anna stykke, frå Vinkelen og til døri på huset åt Eljasib, øvstepresten.

21Etter han vølte Meremot, son åt Uria Hakkosson, eit anna stykke, frå døri på huset åt Eljasib, øvstepresten, og til enden av huset hans.

22Etter han arbeidde prestane, mennene frå Jordansletta.

23Etter dei arbeidde Benjamin og Hasub midt for sitt eige hus; etter dei arbeidde Asarja, son åt Ma'aseja Ananjason, frammed sitt hus.

24Etter han vølte Binnui Henadadsson eit anna stykke, frå huset åt Asarja til Vinkelen og til den staden der muren krøkjer av.

25Palal Usaison arbeidde frå midt for Vinkelen og det tårnet som skyt fram frå det øvre kongshuset ved fengselsgarden; etter han arbeidde kom Pedaja Parosson.

26- Tempelsveinane budde på Ofel, til midt for Vassporten mot aust og det framskotne tårnet, -

27Etter han vølte Tekoa-folki eit anna stykke, frå midt for det store og framskotne tårnet og til Ofelmuren.

28Ovanfor Hesteporten arbeidde prestane, kvar midt for sitt eige hus.

29Etter dei arbeidde Sadok Immersson midt for sitt hus, og etter han Semaja Sekanjason, som hadde vakthaldet ved Austporten.

30Etter han vølte Hananja Selemjason og Hanun, sette son åt Salaf, eit anna stykke, og etter dei arbeidde Mesullam Berekjason midt for kammerset sitt.

31Etter han arbeidde Malkia, ein av gullsmedane, fram til huset åt tempeltenarane og kræmarane, midt for Mynstringsporten, og fram til Hyrneloftet.

32Og millom Hyrneloftet og Saueporten arbeidde gullsmedane og kræmarane.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Nehemiah 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.