Matthew 5NO1938N

1Då Jesus såg folkehopen, gjekk han upp i fjellet, der sette han seg ned, og læresveinane hans kom burt til han.

2Då tok han til ords og lærde dei og sa:

3Sæle dei som er fatige i åndi! Himmelriket er deira.

4Sæle dei som syrgjer! Dei skal verta trøysta.

5Sæle dei tolsame! Dei skal erva jordi.

6Sæle dei som hungrar og tyrster etter rettferd! Dei skal verta metta.

7Sæle dei miskunnsame! Dei skal få miskunn.

8Sæle dei som er reine i hjarta! Dei skal sjå Gud.

9Sæle dei fredkjære! Dei skal kallast Guds born.

10Sæle dei som vert forfylgde for rettferdi si! Himmelriket er deira.

11Sæle er de når dei spottar dykk og forfylgjer dykk og talar berre vondt um dykk for mi skuld, og lyg det.

12Ver glade og fegne! Stor er løni dykkar i himmelen. For soleis forfylgde dei profetane som var til fyre dykk.

13De er saltet på jordi! Vert saltet dove, kva skal so det saltast med? Det duger då ikkje til anna enn til å kastast ut og trakkast på.

14De er ljoset i verdi. Den byen som ligg på eit fjell, kann ikkje dyljast.

15Ingen kveikjer eit ljos og set det under skjeppa, men i staken; då lyser det for alle som er i huset.

16Soleis skal de lata ljoset dykkar lysa for folk, so dei kann sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

17De må ikkje tru eg er komen for å avlysa lovi eller profetane. Eg er ikkje komen for å avlysa, men for å fullføra.

18For det segjer eg dykk for sant: Fyrr himmelen og jordi forgjengst, skal ikkje den minste bokstav, ikkje ein einaste prikk i lovi forgangast - fyrr alt saman er fullgjort.

19Um då nokon bryt eit einaste av desse minste bodi og lærer folk soleis, so skal han kallast den minste i himmelriket; men den som held dei og lærer dei ifrå seg, han skal kallast stor i himmelriket.

20For det segjer eg dykk, at er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferdi åt dei skriftlærde og farisearane, so kjem de aldri inn i himmelriket.

21De hev høyrt det er sagt til dei gamle: Du skal ikkje drepa! Den som drep, skal koma for retten.

22Men eg segjer dykk at den som er vond på bror sin forutan grunn, han skal koma for retten; og den som segjer til bror sin: Raka! han skal koma for rådet; og den som segjer: Din dåre! han skal koma i helveteselden.

23Når du då gjeng fram til altaret med offeret ditt, og du der kjem i hug at bror din hev noko imot deg,

24so lat offeret ditt liggja der framfor altaret - gakk fyrst burt og gjer det godt at med bror din, og kom so og ber fram offeret ditt!

25Ver snar til å laga deg etter motparten din den stundi du er med han på vegen! Elles stemner han deg for domaren, og domaren sender deg yver til futen, og du vert kasta i fengsel;

26det segjer eg deg for visst: Du slepp ikkje ut att fyrr du hev greidt siste kvitten.

27De hev høyrt det er sagt: Du skal ikkje gjera hor!

28Men eg segjer dykk at den som ser på ei kvinna og lyster etter henne, han hev alt gjort hor med henne i hjarta sitt.

29Um det høgre auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Du er betre faren du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen vert kasta i helvete.

30Og um den høgre handi freistar deg, so hogg henne av og kasta henne frå deg! Du er betre faren du misser ein lem enn at heile lekamen din kjem i helvete.

31Det er sagt: Den som skil seg frå kona si, skal gjeve henne skilsmålsbrev.

32Men eg segjer dykk at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, han valdar at ho gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild kona, han gjer hor.

33Sameleis hev de høyrt det er sagt til dei gamle: Du skal ikkje gjera rang eid, men svara Herren for eidane dine!

34Men eg segjer dykk at de aldri skal sverja, korkje ved himmelen, for det er Guds høgsæte,

35eller ved jordi, for det er fotbenken hans, eller ved Jerusalem, for det er byen åt den store kongen.

36Ikkje skal du heller sverja ved hovudet ditt; for du kann ikkje gjera eit einaste hår kvitt eller svart.

37Når de talar, so lat det vera ja, ja og eit nei, nei! Alt som gjeng yver det, kjem av det vonde.

38De hev høyrt det er sagt: Auga for auga og tonn for tonn!

39Men eg segjer dykk at de ikkje skal setja dykk imot den som er vond med dykk. Um ein slær deg på den høgre kinni, so snu den vinstre og til han.

40Og vil nokon tretta til seg trøya di, so lat han få kjolen med.

41Og trugar nokon deg til å fylgja han ei mil, so fylg du han tvo mil.

42Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg.

43De hev høyrt det er sagt: Du skal elska næsten din og hata fienden din.

44Men eg segjer dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som bannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk,

45då er de rette borni åt Far dykkar i himmelen; for han let soli si skina yver vonde og gode, og let det regna yver rettferdige og urettferdige.

46For um de elskar dei som elskar dykk, kva løn kann de venta for det? Gjer ikkje tollmennene like eins?

47Og um de helsar «Guds fred» berre til brørne dykkar, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same?

48Ver då de fullkomne, som Far dykkar i himmelen er.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Matthew 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.