Matthew 4NO1938N

1Sidan førde Anden Jesus ut i øydemarki, so djevelen skulde freista han.

2Han fasta i fyrti dagar og fyrti næter, og vart hungrig då so langt leid.

3Og freistaren kom og sa til han: Er du Guds Son, so seg at desse steinane skal verta til brød!

4Men han svara: Det stend skrive: Menneskja lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.

5Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, og sette han ytst på tempeltaket, og sa til han:

6Er du Guds Son, so kasta deg utfyre! For det stend skrive: Han skal bjoda englane sine um deg at dei skal bera deg på hendene, so du ikkje skal støyta foten din på nokon stein.

7Jesus svara: Det stend og skrive: Du skal ikkje freista Herren din Gud.

8So tok djevelen han med seg upp på eit ovhøgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom og sa:

9Alt dette gjev eg deg dersom du fell på kne og tilbed meg.

10Då sa Jesus til han: Gakk frå meg, Satan! For det stend skrive: Herren, din Gud, skal du tilbeda; han og ingen annan skal du tena.

11So for djevelen ifrå han, og med det same kom englar og tente han.

12Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han seg undan og for til Galilea.

13Sidan flutte han frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, som ligg nedmed sjøen, på Sebulons og Naftalis grunn,

14so det skulde sannast det som er tala gjenom Esaias, profeten, når han segjer:

15Sebulons og Naftalis land som ligg langs med sjøen, på hi sida åt Jordan, det heidne Galilea,

16det folket som sat i myrker, hev set eit stort ljos; dei sat i daudens skoddeland, då rann for dei eit ljos.

17Frå den tidi tok Jesus til å tala til folket og sa: Vend um! Himmelriket er nær!

18Som han no ein gong gjekk frammed Galileasjøen, fekk han sjå tvo brør: Simon, han som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans; dei heldt på og kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.

19Han segjer til dei: Kom og fylg meg! Eg vil gjera dykk til menneskefiskarar!

20Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde han.

21Då han kom lenger fram, såg han tvo andre brør, Jakob, son åt Sebedeus, og Johannes, bror hans: dei sat i båten hjå Sebedeus, far sin, og greidde garni sine. Han kalla dei,

22og med ein gong gjekk dei burt frå båten og frå far sin og fylgde han.

23Sidan for han ikring i heile Galilea og lærde folket i synagogone deira og forkynte evangeliet um riket og lækte all sjukdom og vanhelsa hjå dei.

24Det gjekk gjetord um han yver heile Syria, og dei kom til han med alle som hadde vondt og drogst med eikor sott eller plaga, både forgjorde og nedfallsjuke og lame, og han gjorde dei gode att.

25Og det fylgde han ein stor folkehop frå Galilea og Dekapolis og Jerusalem og Judalandet og bygdene på hi sida Jordan.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Matthew 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.