Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Luke 5

:
Norwegian - NO1938N
1 Ein gong stod han nedmed Gennesaretsjøen, og folket trengde seg um han og lydde Guds ord;
2 vart han var tvo båtar som låg ved strandi; fiskarane hadde gjenge utor dei og stod og skylde garni sine.
3 Han steig ut i ein av båtane, som høyrde Simon til, og bad han leggja eit lite stykke frå land; so sette han seg og lærde folket frå båten.
4 han hadde halde upp å tala, sa han til Simon: Legg ut djupet og set ut garni dykkar, so de kann fisk!
5 Meister, me hev streva i heile natt og ingen ting fenge, svara Simon; men ditt ord vil eg setja ut garni.
6 So gjorde dei det, og stengde dei slik ein brote med fisk at garni heldt og skulde rivna.
7 vitta dei til lagsmennene sine i hin båten, at dei skulde koma og taka i med dei, og dei kom, fyllte dei båe båtane, so det var nære dei sokk.
8 Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: Gakk burt frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.
9 For det kom ein støkk han og alle dei som var med han, for skuld all fisken dei hadde sanka;
10 og like eins var det med Jakob og Johannes, sønene åt Sebedeus, som var lagsbrørne åt Simon. Men Jesus sa til Simon: Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.
11 So rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.
12 Ein gong som han var i ein av byane, var det ein mann der som var full av spillsykja; med same han såg Jesus, kasta han seg å gruve og bad han: Herre, dersom du vil, kann du gjera meg rein!
13 Jesus rette ut handi og tok burtpå han og sa: Eg vil; ver rein! Og med ein gong gjekk spillsykja av han.
14 Jesus sa til han at han ikkje måtte segja det til nokon: Men gakk og te deg for presten og ber fram offer for reinsingi di, etter det som Moses hev fyreskrive, so du kann vitna for dei!
15 Men ordet um han for berre so mykje vidare utyver, og folk kom i flokk og fylgje og vilde høyre han og lækjast for sjukdomane sine.
16 Sjølv heldt han seg avsides i øydemarkene og bad.
17 Ein dag heldt han og lærde, og der sat det farisearar og lovlærarar, som var komne frå kvar grend i Galilea og Judea og frå Jerusalem, og Herrens kraft var yver han og gav han makt til å lækja.
18 kom det nokre menn berande med ein som låg i ei seng og var lam; dei vilde bera han inn og setja han ned framfor Jesus,
19 men såg seg ingi råd til å koma inn med han for folkestimen. So gjekk dei upp taket, og fira han med sengi ned millom taksteinane, midt framfor Jesus.
20 Jesus såg trui deira, sa han: Syndene dine er tilgjevne, mann!
21 tok dei skriftlærde og farisearane til å tenkja med seg: Kva er dette for ein, som talar spottarord mot Gud? Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?
22 Men Jesus skyna kva dei tenkte; han tok til ords og sa til dei: Kva er det for tankar de hyser i hjarta?
23 Kva er lettast: å segja: Syndene dine er tilgjevne! eller å segja: Statt upp og gakk!
24 Men so de skal vita at Menneskesonen hev makt jordi til å tilgjeva synder, so segjer eg deg - sa han til den lame -: Statt upp, tak sengi di og gakk heim!
25 Og med ein gong stod han upp, midt for augo deira, tok lega si og gjekk heim att, alt medan han lova Gud.
26 vart dei alle so tekne at dei var reint frå seg; dei lova Gud, og fulle av otte sa dei: I dag hev me set utrulege ting!
27 So gjekk han ut att. fekk han sjå ein tollmann som heitte Levi; han sat tollbui. Jesus sa til han: Fylg meg!
28 let han alle ting vera og stod upp og fylgde Jesus.
29 Levi gjorde eit stort gjestebod for han i huset sitt; der var det ein heil flokk med tollmenn og andre som sat til bords med dei.
30 Og farisearane og dei skriftlærde som fylgdest med dei, murra og sa til læresveinane hans: Kvifor et og drikk de i lag med tollmenn og syndarar?
31 tok Jesus til ords og sa til dei: Dei friske treng ikkje lækjar, men det gjer dei som sjuke er.
32 Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til umvending.
33 So sa dei til han: Læresveinane åt Johannes fastar tidt og ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane åt farisearane, men dine læresveinar et og drikk!
34 Jesus svara: Kann de bruresveinane til å fasta medan dei hev brudgomen hjå seg?
35 Men det kjem ei tid brudgomen vert teken ifrå dei; når den tidi kjem, skal dei fasta.
36 Han sa dei og ei likning: Ingen riv eit stykke av ein ny kjole og hev det til bot ein gamal; for riv han ikkje berre den nye kjolen sund, men boti som han tok av den nye kjolen, høver ikkje den gamle.
37 Og ingen hev ny vin gamle lerflaskor; for sprengjer den nye vinen flaskone, og vinen renn ut, og flaskone forferst.
38 Ny vin lyt ein hava nye lerflaskor.
39 Og ingen som hev drukke gamal vin, hev hug ny vin; han segjer: Den gamle er best!