Bible

Elevate

Your Sunday Morning Worship Service

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Luke 4

:
Norwegian - NO1938N
1 Full av den Heilage Ande vende Jesus att ifrå Jordan, og Anden førde han kring i øydemarki
2 i fyrti dagar, medan han vart freista av djevelen. I dei dagane åt han ingen ting, og dei var lidne, kjende han seg svolten.
3 sa djevelen til han: Er du Guds Son, so seg til denne steinen at han skal verta brød.
4 Jesus svara so: Det stend skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart eit Guds ord.
5 So førde djevelen han upp eit høgt fjell og synte han alle heimsens rike i ein augneblink,
6 og sa til han: Deg vil eg gjeva makt yver alt dette og alt gjævt og gildt som finst i desse riki; for det er lagt i mi hand, og eg gjev det åt kven eg vil;
7 fell du no kne og tilbed meg, so skal det vera ditt alt saman.
8 Men Jesus svara: Det stend skrive: Herren din Gud skal du tilbeda, han og ingen annan skal du tena.
9 So førde djevelen han til Jerusalem og sette han ytst tempeltaket og sa til han: Er du Guds Son, so kasta deg ned herifrå!
10 for det stend skrive: Han skal bjoda englane sine um deg at dei skal vara deg,
11 og: Dei skal bera deg hendene, so du ikkje skal støyta foten din nokon stein.
12 svara Jesus: Det er sagt: Du skal ikkje freista Herren din Gud.
13 djevelen soleis hadde freista han alle vis, gjekk han ifrå han og let han vera i fred ei tid.
14 So for Jesus attende til Galilea, fyllt av den krafti som Anden gav han, og ordet um han kom ut i alle bygdene der ikring.
15 Han lærde i synagogone deira, og alle prisa han.
16 Soleis kom han og ein gong til Nasaret, der han var uppalen, og gjekk inn i synagoga sabbaten, som han var van med; han reiste seg og vilde lesa åt dei,
17 og dei gav han boki åt profeten Esaias. han slo henne upp, fann han den staden der det stend:
18 Herrens Ande er yver meg, for di han salva meg til å forkynna evangeliet for fatige, han hev sendt meg til å ropa ut fridom for fangar og at blinde skal syni, til å løysa dei som er trælka, or tvang,
19 til å lysa ut eit hugnads-år frå Herren.
20 han hadde late att boki og gjeve henne til tenaren, sette han seg, og alle som i synagoga var, heldt augo sine feste han.
21 So tok han til ords og byrja soleis: I dag hev dette skriftordet sannast, som de sjølve kann høyra.
22 Alle tala vel om han og undra seg over dei nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.
23 sa han til dei: De vil visst segja meg til som det stend i ordtøket: Lækjar, læk deg sjølv! Me hev høyrt um alt det som er gjort i Kapernaum - gjer no like eins heimstaden din!
24 Men eg segjer dykk for sant, heldt han fram: Ingen profet er velkomen i heimbygdi si.
25 Og det segjer eg dykk med sannom: Det var mange enkjor i Israel i Elias' dagar, himmelen var stengd i tri år og seks månader, so det vart stor svolt og naud i heile landet,
26 og endå vart ikkje Elias send til nokor av dei, men berre til Sarepta i Sidonarlandet, til ei enkja der.
27 Og det var mange spilte i Israel den tid profeten Elisa levde, og endå vart ingen av dei reine att, men berre Na'aman, syraren.
28 dei i synagoga høyrde det, vart dei alle brennande harme.
29 Dei for upp og dreiv han ut or byen og førde han burt bruni av det fjellet som byen deira var bygd på; der vilde dei støyta han utyver.
30 Men han gjekk midt igjenom flokken og for sin veg.
31 So kom han ned til Kapernaum, ein by i Galilea. Der lærde han folket sabbaten;
32 og dei var reint tekne av det han lærde dei, for det var makt i talen hans.
33 I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd i seg. Han sette i og ropa so høgt som han kunde:
34 Hu! Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud!
35 Jesus truga den vonde åndi og sa: Teg still, og far ut or han! So kasta åndi han ned jordi midt ibland dei og for ut or han, men skadde han ikkje.
36 kom det ein otte yver alle, og dei sa seg imillom: Kva er dette for ord? Med mynd og makt talar han til dei ureine åndene, og dei fer ut!
37 Og det gjekk gjetordet av han utyver alle bygdene der ikring.
38 So tok han ut frå synagoga, og gjekk heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde sterke heteflagor, og dei bad han vilde hjelpa henne.
39 Han gjekk innåt, og stod uppyver henne og truga sotti; slepte sotti henne, og straks reis ho upp og stelte for dei.
40 soli gladde, kom alle til han med sine sjuke, kva sjukdom dei so drogst med, og han la hendene kvar ein av dei og lækte dei.
41 Mange for det og vonde ånder utor, og dei hua og ropa: Du er Guds Son! Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala, av di dei visste han var Messias.
42 det vart dag, tok han ut og for til ein øydestad. Folket leita etter han, og dei kom dit han var, freista dei å halda han att, so han ikkje skulde ganga frå dei.
43 sa han til dei: Eg lyt forkynna evangeliet um Guds rike i dei andre byane og; for det vart eg send for.
44 Og han heldt ved og tala ordet i synagogone i Galilea.