Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Leviticus 4

:
Norwegian - NO1938N
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Tala til Israels-borni og seg: Når nokon uviljande syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han hev forbode å gjera, so høyr:
3 Er det den salva presten som syndar og fører skuld yver folket, so skal han til bot for den syndi han hev gjort, ofra til Herren ein ung ukse som ikkje hev lyte; det skal vera syndofferet hans.
4 Han skal leida uksen fram for Herrens åsyn, til døri åt møtetjeldet, og han skal leggja handi hovudet åt uksen, og han skal slakta uksen for Herrens åsyn.
5 So skal han, den salva presten, taka noko av ukseblodet og bera det inn i møtetjeldet.
6 Og han, presten, skal duppa fingeren i blodet, og han skal skvetta av blodet sju gonger for Herrens åsyn, framanfor forhenget i heilagdomen.
7 Noko av blodet skal han strjuka horni altaret med den angande røykjelsen, det som stend framfor Herrens åsyn i møtetjeldet, og det som er att av ukseblodet, skal han hella ut innmed foten brennofferaltaret, som stend framanfor døri til møtetjeldet.
8 Alt feittet som er syndofferuksen, skal han taka utor han, både netja og alt feittet som er innvolen,
9 og båe nyro med talgi som er dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
10 alt dette skal han taka ut, like eins som takkofferuksen, og so skal han brenna det brennofferaltaret.
11 Men hudi av uksen og alt kjøtet, med hovudet og føtene, og innvolen og møki,
12 heile uksen, skal han føra ut or lægret til ein rein stad, der dei slær ut oska, og brenn det upp med ved; der som oska vert slegi ut, der skal dei brenna det.
13 Hev heile Israels-lyden misfare seg, hev folket seg uvitande gjort noko av det som Herren hev forbode å gjera, og ført skuld yver seg,
14 og det sidan vert kunnigt kva dei hev synda i, so skal folket ofra ein ung ukse til syndoffer. Den skal dei leida fram åt møtetjeldet,
15 og dei eldste av lyden skal leggja hendene hovudet åt uksen for Herrens åsyn, og so skal uksen slaktast for Herrens åsyn.
16 Den salva presten skal bera noko av ukseblodet inn i møtetjeldet,
17 og han, presten, skal duppa fingeren i blodet og skvetta sju gonger for Herrens åsyn, framanfor forhenget.
18 Noko av blodet skal han strjuka horni åt det altaret som stend framfor Herrens åsyn i møtetjeldet, og det som er att av blodet, skal han hella ut innmed foten brennofferaltaret, som stend framanfor døri til møtetjeldet.
19 Alt feittet skal han taka utor uksen og brenna det altaret.
20 Som han gjorde med hin syndofferuksen, so skal han gjera med denne og. Soleis skal presten gjera soning for dei, so dei fær tilgjeving.
21 Sidan skal dei føra uksen utanfor lægret og brenna han, liksom dei brende den fyrste uksen. Dette er syndofferet for lyden.
22 Når ein hovding misfer seg og uviljande gjer noko av det som Herren hans Gud hev forbode å gjera, og soleis fører skuld yver seg,
23 og det vert kunnigt for han kva han hev synda i, so skal han koma med ei offergåva, og det skal vera ein geitebukk, ein som ikkje hev lyte.
24 Han skal leggja handi hovudet åt bukken og slakta han same staden som dei slaktar brennofferet for Herrens åsyn; det er eit syndoffer.
25 Presten skal taka noko av syndofferblodet fingeren og strjuka det horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut innmed foten brennofferaltaret.
26 Og alt feittet skal han brenna altaret liksom han gjorde med feittet av takkofferet. Soleis skal presten gjera soning for han og reinsa han frå syndi hans, so han fær tilgjeving.
27 Er det ein ålmugemann som uviljande syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han ikkje skulde gjera, so han fører skuld yver seg,
28 og det vert kunnigt for han kva han hev synda i, so skal han til bot for den syndi han hev gjort, koma med ei offergåva, og det skal vera ei geit, ei som ikkje hev lyte.
29 Han skal leggja handi hovudet åt syndofferdyret, og han skal slakta syndofferdyret same staden som dei slaktar brennofferet.
30 Og presten skal taka noko av blodet fingeren og strjuka det horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut innmed altarfoten.
31 Alt feittet skal han taka utor, liksom dei tek ut feittet takkofferet, og presten skal leggja det altaret og brenna det til godange for Herren. Soleis skal presten gjera soning for han, so han fær tilgjeving.
32 Vil han heller taka ein sau til syndoffer, so skal han koma med ei søya som ikkje hev lyte.
33 Han skal leggja handi hovudet åt offerdyret, og so skal han slakta det til syndoffer same staden som dei slaktar brennofferet.
34 Og presten skal taka noko av syndofferblodet fingeren og strjuka det horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut innmed altarfoten.
35 Alt feittet skal han taka utor, liksom dei gjer med takkoffersauen, og presten skal brenna det altaret saman med Herrens eldofferet. Soleis skal presten gjera soning for han for den syndi han hev gjort, so han fær tilgjeving.