Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Leviticus 3

:
Norwegian - NO1938N
1 Vil nokon bera fram eit takkoffer, og han tek det av storfeet, so kann det offerdyret han leider fram for Herrens åsyn, vera anten ukse eller ku, men lytelaust skal det vera.
2 Han skal leggja handi hovudet åt offerdyret og slakta det innmed døri til møtetjeldet, og Arons-sønene, prestane, skal skvetta blodet rundt ikring altaret.
3 So skal han av takkofferet bera fram eit eldoffer åt Herren, og det skal vera netja og alt feittet som er innvolen,
4 og båe nyro med talgi som er dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
5 og Arons-sønene skal brenna det altaret saman med brennofferet som ligg veden dei hev lagt elden; det er eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
6 Er det av småfeet han tek det dyret som han vil bera fram for Herren til takkoffer, so kann det vera anten han eller ho, men det skal vera fritt for lyte.
7 Vil han ofra ein sau, so skal han leida han fram for Herrens åsyn.
8 Han skal leggja handi hovudet åt offerdyret og slakta det framanfor møtetjeldet, og Arons-sønene skal skvetta blodet rundt ikring altaret.
9 So skal han av takkofferet bera fram eit eldoffer åt Herren, og det skal vera alt feittet som er sauen: spælen heil og halden - den skal han skjera av tett innmed roti - og netja og alt feittet som er innvolen,
10 og båe nyro med talgi som er dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
11 og presten skal brenna det altaret; det er eit eldoffermål for Herren.
12 Er det ei geit han vil ofra, so skal han leida henne fram for Herrens åsyn.
13 Han skal leggja handi hovudet hennar og slakta henne framanfor møtetjeldet, og Arons-sønene skal skvetta blodet rundt ikring altaret.
14 So skal han av offeret sitt bera fram eit eldoffer åt Herren, og det skal vera netja og alt feittet som er innvolen,
15 og båe nyro med talgi som er dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
16 og presten skal brenna det altaret; det er eit eldoffermål som angar godt. Alt feitt høyrer Herren til.
17 Ei æveleg lov skal det vera for dykk, frå ætt til ætt, kvar de so bur. Feitt og blod de aldri eta.