1Abimelek, son åt Jerubba'al, for til Sikem, til morbrørne sine, og tala med dei og med alt morfolket sitt og sa:
2Kjære dykk, tala til alle Sikems-mennene og seg: Kva er best for dykk; at sytti mann, alle sønene åt Jerubba'al, styrer dykk, eller at ein mann styrer dykk? Og kom so i hug at me er same folket!
3Då tala morbrørne hans um han for alle borgarane i Sikem og sa alt dette; og hugen drog dei til Abimelek, for dei tenkte: Han er ein av våre.
4So gav dei han sytti sekel sylv av tempelskatten åt Ba'al-Berit. For dei leigde Abimelek nokre lause og uvyrdne karar, og dei fylgde han kvar han gjekk.
5So for han til huset åt far sin i Ofra og drap brørne sine, sønene åt Jerubba'al, sytti mann på EIN stein; berre Jotam, den yngste sonen åt Jerubba'al, vart att; han hadde fenge løynt seg.
6Då samla dei seg, alle borgarane i Sikem og alt folket i Millo, og dei drog ut og valde Abimelek til konge, under Minnesteinseiki ved Sikem.
7Då Jotam fekk spurt det, steig han upp på toppen av Gerisimfjellet; der stod han og ropa til dei og sa: Høyr på meg, Sikems-menner, so sant de vil at Gud skal høyra på dykk!
8Det var ein gong trei vilde salva seg ein konge. Dei sa til oljetreet: Du skal vera kongen vår!
9Men oljetreet svara: Skulde eg missa oljen min, som Gud og menneske ærar meg for, og gjeva meg til å svaga att og fram yver skogen?
10Då sa dei til fiketreet: Kom du og ver kongen vår!
11Og Fiketreet svara: Skulde eg missa søtleiken min og den gode frukti mi og gjeva meg til å svaga at og fram yver skogen?
12So sa dei til vintreet: Kom du og ver kongen vår!
13Vintreet svara: Skulde eg missa safti mi, som gjer Gud og menneske glade, og gjeva meg til å svaga att og fram yver skogen?
14Då sa alle trei åt klungeren: Kom so du og ver kongen vår!
15Klungeren svara: Er det ålvor at de vil salva meg til konge, so kom og svala dykk i skuggen min! Men er det ikkje, so skal det fara eld ut frå klungeren og øyda sedrane på Libanon.
16Hev no de fare truge og ærleg fram med di de hev teke Abimelek til konge, og hev de gjort vel mot Jerubba'al og ætti hans og hev de gjort lika for det han gjorde
17då han, far min, stridde for dykk og våga livet og berga dykk frå midianitane
18- og endå hev de no reist dykk mot ætti åt far min og drepe sønene hans, sytti mann på ein stein, og gjort Abimelek, son åt terna hans, til konge yver Sikems-buane, for di han er skyld dykk -
19hev de no i dag fare truge og ærleg fram mot Jerubba'al og ætti hans, so gjev de må få gleda av Abimelek, og gjev han må få gleda av dykk!
20Men hev de ikkje det, so gjev det må fara eld ut frå Abimelek og tyna Sikems-buane og Millo-folket, og gjev der må fara eld ut frå Sikems-buane og Millo-folket og tyna Abimelek!
21So rømde Jotam og kom seg undan; sidan for han til Be'er, og der slo han seg ned, so Abimelek, bror hans, ikkje kunde nå i han.
22I tri år rådde Abimelek i Israel.
23Då sende Gud ei vond ånd som sette ilt millom Abimelek og Sikems-mennene, og Sikems-mennene sveik Abimelek;
24for Gud vilde at valdsverket mot dei sytti sønene åt Jerubba'al skulde hemnast og blodet deira koma yver Abimelek, bror deira, som hadde drepe dei, og yver Sikems-mennene, som hadde gjeve han makt til å drepa brørne sine.
25Sikems-mennene sette ut vaktmenner på fjelltindane til å halda auga med Abimelek, og dei røva alle som for framum der på vegen. Dette fekk Abimelek vita.
26Ved det leitet kom Ga'al Ebedsson med brørne sine og flutte inn i Sikem, og Sikems-mennene sette lit til han.
27Dei gjekk ut på marki og hausta vinhagane sine og persa druvone; so heldt dei takkehøgtid og gjekk inn i templet åt guden sin og åt og drakk og banna Abimelek.
28Og Ga'al Ebedsson sa: Er Abimelek slik mann og sikemitane slike folk at me skulde vera tenarane hans? Er han ikkje son åt Jerubba'al, og Sebul futen hans? Ten dei mennene som ætter frå Hamor, far åt Sikem! Men kvi skulde me tena denne mannen?
29Gjev eg hadde hand yver dette folket, so skulde eg snart få Abimelek or vegen. Auka heren din, Abimelek, og kom! kytte han.
30Då Sebul, byhovdingen, fekk høyra kva Ga'al Ebedsson hadde sagt, vart han harm;
31han sende i løynd bod til Abimelek og sa: Ga'al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem og øser upp byen mot deg.
32Tak no i vegen nattars tid med det folket du hev hjå deg, og legg deg på lur på marki;
33og når det dagast, og soli sprett, so brjot upp og renn fram imot byen! Då fer Ga'al og folket hans ut imot deg, og du kann gjera med han som du fær høve til.
34So tok Abimelek ut um natti med alle dei folki han hadde hjå seg, og dei la seg på lur mot Sikem i fire flokkar.
35No bar det so til at Ga'al Ebedsson kom ut og stod i byporten i same belet som Abimelek og folki hans braut fram frå løynlega.
36Ga'al såg dei og sa til Sebul: Sjå! Det kjem folk ned frå fjelltindane! Sebul svara: Det er skuggen av fjelli du tek for folk.
37Men Ga'al heldt på og tala og sa: Sjå der kjem det folk ned frå Midfjellet, og ein flokk kjem etter den vegen som ber til Trollmann-eiki.
38Då sa Sebul: Kvar er no dei store ordi dine, du som sa: Er Abimelek slik mann at me skulde vera tenarane hans? Sjå, der er dei folki som du vyrde so lite. Drag no ut og strid imot dei!
39Då drog Ga'al ut med Sikems-mennene i fylgje og stridde mot Abimelek.
40Men Abimelek vann yver han og jaga han fyre seg, og det vart eit stort mannefall heilt burtåt byporten.
41Sidan gav Abimelek seg til i Aruma, og Sebul dreiv Ga'al og brørne hans burt; dei måtte ikkje vera i Sikem.
42Dagen etter skulde Sikems-folket ut på marki. Det fekk Abimelek vita;
43då tok han og bytte mannskapet sitt i tri flokkar og la seg på lur på marki, og då han såg at folket kom ut or byen, sette han på dei og hogg dei ned.
44Sjølv sprang han fram og tok støde i byporten med den flokken som fylgde han, og dei hine tvo flokkane rende på alle dei som var ute på marki, og slo dei i hel.
45Abimelek kringsette byen heile den dagen og tok han og drap folket som var der; byen reiv han ned og strådde tufti med salt.
46Då folket i Sikemsborgi høyrde det, gjekk dei alle inn i tårnet som høyrde til templet åt El-Berit.
47So snøgt som Abimelek fekk vita at alt folket i Sikemsborgi hadde flokka seg i hop på ein stad,
48gjekk han med alle mennene sine upp på Salmonfjellet. Han tok ei øks i handi og hogg greiner av trei, tok dei upp, la dei på herdi og sa til mennene sine: Skunda dykk og gjer like eins som de såg eg gjorde!
49Då hogg alle mennene og kvar si byrd med kvist og fylgde etter Abimelek. So la dei veden uppetter tempeltårnet og sette med den eld på tårnet. Soleis umkomst alt folket i Sikemsborgi, um lag tusund menner og kvinnor.
50Sidan gjekk Abimelek mot Tebes; den byen og kringsette han og tok.
51Midt i byen var det eit fast tårn; dit rømde alle menner og kvinnor, alt folket i byen, og dei stengde etter seg og gjekk upp på taket.
52Då Abimelek kom til tårnet, kringsette han det; So gjekk han fram til porten og vilde setja eld på.
53Då var det ei kvinna som kasta ein kvernstein ned på hovudet hans, so hausen brotna.
54Abimelek ropa svint på sveinen som bar våpni hans, og sa: Drag sverdet ditt og drep meg, so det ikkje skal segjast at ei kvinna slo meg i hel! Då stakk sveinen sverdet gjenom han, og han døydde.
55Og då Israels-mennene såg at han var slokna, gjekk kvar heim til sitt.
56Soleis hemnde Gud den ugjerningi Abimelek gjorde mot far sin då han drap dei sytti brørne sine.
57Og alt det vonde Sikem-mennene hadde gjort, let Gud koma attyver dei; Den forbanningi Jotam Jerubba'alsson hadde lyst, fekk dei sanna.