Judges 10NO1938N

1Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son åt Pua Dodoson av Issakars-ætti, og budde i Samir på Efra'imsfjellet.

2Han styrde i Israel i tri og tjuge år. So døydde han og vart gravlagd i Samir.

3Etter han stod Ja'ir frå Gilead fram og styrde Israel i tvo og tjuge år.

4Han hadde tretti søner; dei reid på tretti asenfolar og åtte tretti tjeldbyar, som endå i dag vert kalla Ja'irsbyane; dei ligg i Gileadlandet.

5Då Ja'ir døydde, vart han gravlagd i Kamon.

6Men Israels-borni gjorde atter det som var Herren imot, og dyrka Ba'alane og Astarte-bileti og Arams-gudane og Sidons-gudane og Moabs-gudane og ammonitargudane og filistargudane; dei vende seg frå Herren og dyrka ikkje han.

7Då vart Herren brennande harm på Israel. Han slepte dei i hendene på filistarane og ammonitane,

8og dei tok same året til å trengja og trælka Israels-borni; i attan år trengde dei alle Israels-borni som budde på hi sida Jordan, i Amoritarlandet, i Gilead.

9Ammons-borni sette jamvel yver Jordan og stridde mot Juda og Benjamin og mot Efra'ims-ætti, og Israel kom i stor naud.

10Då ropa Israels-borni til Herren og sa: Me hev synda mot deg! Me hev vendt oss frå vår Gud og dyrka Ba'alane.

11Og Herren sa til Israels-borni: Hev eg ikkje berga dykk frå egyptarane og frå amoritane, frå Ammons-borni og frå filistarane?

12Og då sidonarane og amalekitane og maonitane plaga dykk, og de ropa til meg, berga eg dykk frå dei og.

13Men de vende dykk frå meg og dyrka andre gudar; difor vil eg ikkje hjelpa dykk meir.

14Gakk burt og kalla på dei gudane som de hev valt! Lat dei hjelpa dykk no de er i slik naud!

15Då sa Israels-borni til Herren: Me hev synda! Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!

16So hadde dei frå seg dei framande gudane og tente Herren; då kunde han ikkje tola å sjå på Israels naud.

17Ammons-borni baud ut heren sin og lægra seg i Gilead. Då samla Israels-borni seg og slo læger i Mispa.

18Og herfolket, Gileads-hovdingane, sa seg imillom: Kvar er den mannen som vil ganga fyrst i striden mot ammonitane? Han skal vera hovding yver alle Gileads-buane.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Judges 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.