Judges 7NO1938N

1Jerubba'al - det er den same som Gideon - og alt folket som var med han, tok ut tidleg um morgonen og lægra seg ved Harodkjelda, og Midians-heren låg nordanfor, frå More-haugen og ned i dalen.

2Då sa Herren til Gideon: Du hev for mykje folk med deg! Eg vil ikkje gjeva midianitane i hendene på so mange; elles kunde Israel kyta for meg og segja: Det er mi eigi hand som hev berga meg!

3Ropa no ut for folket: Den som er redd og fælen, kann snu og fara heim att frå Gileadfjellet! Då var det tvo og tjuge tusund mann som snudde heim, og ti tusund vart att.

4Men Herren sa til Gideon: Du hev endå for mykje folk! Lat dei ganga ned til kjelda, so skal eg røyna dei for deg der, og dei som eg segjer skal vera med deg, dei skal du taka med, men alle dei som eg segjer ikkje skal vera med deg, dei skal du ikkje hava med.

5So let han folket ganga ned til, kjelda, og Herren sa til han: Alle dei som lepjar vatnet i seg med tunga liksom hunden, skal du setja for seg, og sameleis alle dei som legg seg på kne og drikk.

6Dei som då førde vatnet til munnen med handi og lepja, var tri hundrad i talet. Alt hitt folket la seg på kne og drakk av vatnet.

7Og Herren sa til Gideon: Med dei tri hundrad mann som lepja, vil eg berga dykk og gjeva midianitane i hendene dine; Alt hitt folket kann ganga heim att.

8So tok dei til seg ferdakosten åt folket og lurane deira, og Gideon let alle Israels-menner fara heim, so nær som dei tri hundrad; dei hadde han att hjå seg. Midianslægret låg lenger nede i dalen.

9Og då det vart natt, sa Herren til han: Gjer deg reidug og tak på lægret der nede! Eg gjev det i hendene dine!

10Er du redd, so gakk fyrst ned med Pura, sveinen din!

11Då fær du høyra kva dei talar um, og sidan kjem du til å kjenna deg so sterk at du torer taka på lægret. So gjekk han og Pura, sveinen hans, ned til forpostane i lægret.

12Og midianitane og amalekitane og alle austmennene låg i dalen so tett som grashoppar, og det var ikkje tal på kamelane deira; dei var som sand på havsens strand.

13Med det same Gideon kom, var der ein som fortalde felagen sin ein draum og sa: No skal du høyra kva eg hev drøymt: Eg tykte eg såg ei byggkaka kom trillande inn i Midianslægret, og då ho kom til tjeldet, skuva ho til det, so det rulla i koll, og der låg det.

14Då svara hin: Dette er ikkje noko anna enn sverdet åt Gideon Joasson, israeliten; Gud hev gjeve midianitane og heile lægret i hendene hans.

15Då Gideon høyrde draumen og uttydingi, la han seg på kne og takka Gud. Han gjekk attende til Israelslægret og sa: Ris upp! Herren hev gjeve Midianslægret i hendene dykkar!

16So skifte han dei tri hundrad mann i tri flokkar og gav dei alle lurar og tome krukkor i hendene; men inni krukkone var det faklar.

17Og han sa til dei: Sjå etter korleis eg fer åt, og far de like eins! So snart de ser eg er komen til utkanten av lægret, skal de gjera som eg gjer!

18Når eg blæs i luren, eg og alle dei som er med meg, so skal de og blåsa i lurane dykkar rundt ikring heile lægret og ropa: For Herren og for Gideon!

19Gideon og hundrad mann som var med han, kom til utkanten av lægret fyrstundes i midnattsvakti; det var so vidt midianitane hadde sett ut vaktpostane. Då bles dei i lurane og slo sund krukkone som dei hadde i handi;

20og alle tri flokkane bles i lurane og slo sund krukkone; med vinstre handi greip dei ikring faklane, og i høgre handi heldt dei lurane og bles i dei og ropa: Drag sverdet for Herren og for Gideon!

21alt medan dei vart standande kvar på sin stad rundt ikring lægret. Då tok alt som i lægret var, til å renna att og fram og hua og røma,

22og Herren laga det so at då dei høyrde ljomen av dei tri hundrad lurane, vende dei sverdi sine mot kvarandre. So gjekk det i heile lægret. Og heren rømde til Bet-Hasitta burtimot Serera, til Abel-Meholastrandi framum Tabbat.

23Men Israels-mennene av Naftali og Aser og heile Manasse, vart utbodne og sette etter midianitane.

24Og yver heile Efra'imsfjellet sende Gideon folk som ropa ut: Far ned og møt midianitane og steng dei av frå elvane alt burt til Bet-Bara og Jordan! Då vart alle Efra'ims-mennene utbodne og stengde vegen til elvane alt burt til Bet-Bara.

25Dei tok tvo av Midians-hovdingane, Oreb og Se'eb, og drap Oreb på Orebsberget, og Se'eb ved Se'ebs-persa. Sidan sette dei etter midianitane og kom med hovudi av Oreb og Se'eb til Gideon på hi sida Jordan.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Judges 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.