1Men Israels-borni gjorde det som var Herren imot. Då gav han dei i hendene på midianitane.
2I sju år hadde midianitane yvermakti yver Israel; det var for deira skuld Israels-borni gjorde seg dei løyndeholi som er i åsane, og hellerane og fjellborgene.
3Kvar gong Israel hadde sått, kom midianitane yver dei, og like eins amalekitane og austmennene;
4dei lægra seg midt imot dei og øydde grøda i landet radt burtåt Gasa og leivde ikkje ein matbete i Israel, og ikkje småfe eller storfe eller asen.
5For dei kom dragande med buskapen og tjeldbuene sine so tett som grashoppar; det var ikkje tal på dei og kamelane deira, og kvar dei for fram, la dei landet i øyde.
6Israel vart reint utarma av herjingane deira, og Israels-borni ropa til Herren.
7Då Israels-borni ropa til Herren for Midians skuld,
8då sende Herren ein profet til dei, og han sa: So segjer Herren, Israels Gud: Eg førde dykk upp frå Egyptarland og henta dykk ut or slavehuset
9og fria dykk frå egyptarane og frå alle dei som for ille med dykk; eg jaga dei burt for dykk og gav dykk landet deira;
10Og eg sa til dykk: Eg er Herren dykkar Gud; de skal ikkje ottast gudane åt amoritane, som åtte det landet de bur i. Men de høyrde ikkje på ordi mine.
11Og Herrens engel kom og sette seg under den eiki som stend i Ofra, der Joas av Abieser-ætti rådde. Gideon, son åt Joas, stod då i vinpersa og treskte noko kveite, so han kunde få berga det for midianitane.
12Og Herrens engel synte seg for han og sa til han: Herren er med deg, du djerve kjempa!
13Gideon svara: Høyr på meg, Herre! Er Herren med oss, kvifor hev då alt dette hendt oss, og kvar er no alle undergjerningane hans som federne våre fortalde oss um? Dei sa at det var Herren som førde dei ut or Egyptarland. Men no hev Herren skuva oss ifrå seg og gjeve oss i Midians vald.
14Då snudde Herren seg til han og sa: Gakk i veg, so sterk som du er, so skal du berga Israel or Midians vald! Det er eg som sender deg.
15Gideon svara: Høyr på meg, Herre! Korleis kann eg berga Israel? Ætti mi er då den veikaste i Manasse, og sjølv er eg den yngste av folket mitt.
16Då sa Herren til han: Eg skal vera med deg, og du skal slå midanitane ned som ein mann.
17Då sa Gideon: Hev du noko godvilje for meg, so gjev meg eit merke på at det er du som talar med meg!
18Kjære, flyt deg ikkje herifrå fyrr eg kjem ut til deg med gåva mi og legg henne fram for di åsyn! Og han svara: Eg skal bia til du kjem att.
19So gjekk Gideon inn og laga til eit kje og tok ein efa mjøl og laga usyrte kakor av. Kjøtet la han i ei korg, og sodet hadde han i ei krukka. So bar han det ut til han under eiki og sette det fram.
20Då sa Guds engel til han: Tak kjøtet og dei usyrte kakone og legg det på dette berget, og slå sodet utyver! So gjorde han det.
21Og Herrens engel rette fram staven som han hadde i handi, og stakk burti kjøtet og dei usyrte kakone. Då slo det eld upp or berget og øydde kjøtet og kakone, og Herrens engel kvarv burt for augo hans.
22Då Gideon såg at det var Herrens engel, ropa han: Å Herre, Herre! Korleis skal det ganga meg som hev set Herrens engel andlet til andlet!
23Men Herren sa til han: Fred vere med deg! Ver ikkje redd! Du skal ikkje døy.
24Då bygde Gideon der eit altar for Herren og kalla det: Herren er fred. Det altaret stend endå i dag i Ofra, bygdi åt Abieser-ætti.
25Um natti sa Herren til Gideon: Tak stuten åt far din, den andre sjuårsgamle stuten og riv ned Ba'als-altaret åt far din og hogg ned det Astarte-biletet som stend innmed det!
26So skal du byggja eit altar for Herren din Gud øvst uppå denne borgi og leggja alt til rettes! Tak so den andre stuten og brenn han til eit offer med veden av Astarte-biletet som du skal hogga ned!
27Då tok Gideon ti av sveinane sine med seg og gjorde som Herren hadde sagt til han; men han torde ikkje gjera det um dagen; han var redd ætti si og mennene i byen; difor gjorde han det um natti.
28Då mennene i byen reis upp um morgonen, fekk dei sjå at Ba'als-altaret var nedrive, og at Astarte-biletet som stod der, var felt, og at den andre uksen var ofra på det nybygde altaret.
29Då sa dei seg imellom: Kven kann ha gjort dette? Og då dei spurde og granska etter, fekk dei vita at det var Gideon Joasson som hadde gjort det.
30So sa mennene i byen til Joas: Send son din ut til oss! Han skal døy, for di han hev rive ned Ba'als-altaret og for di han hev hogge ned det Astarte-biletet som stod innmed det!
31Men Joas sa til alle dei som stod kringom han: Vil de strida for Ba'al? Vil de hjelpa han? Den som strider for han, skal lata livet fyrr det vert morgon. Er han Gud, so lat han strida for seg sjølv, sidan dei hev rive ned altaret hans!
32Den dagen fekk Gideon namnet Jerubba'al, av de dei sa: Lat Ba'al strida mot han, for di han hev rive ned altaret hans!
33No hadde alle midianitane og amalekitane og austmennene samla seg i hop, og dei for yver Jordan og lægra seg på Jisre'eldalen.
34Då kom Herrens Ande yver Gideon; han bles i luren, og Abieser-ætti samla seg og fylgde han.
35So sende han bod ut i heile Manassefylket, og dei samla seg og, og fylgde han. Og til Aser og Sebulon og Naftali sende han bod; og dei for til møtes med Manasse-mennene.
36Og Gideon sa til Gud: Er det so at du vil frelsa Israel ved mi hand, som du hev sagt,
37so høyr meg: No legg eg denne avklypte ulli på treskjestaden; kjem det so dogg berre på ulli og heile marki er turr, då veit eg at du vil berga Israel ved mi hand, som du hev sagt.
38Og soleis vart det. For då han andre morgonen reis upp og klemde i hop ulli, vreid han utor henne so mykje dogg at det vart ei heil skål full med vatn.
39Då sa Gideon til Gud: Ver ikkje vond på meg um eg talar endå ein gong! Eg vilde so gjerne få gjera ei prøve til med ulli! Kjære, lat ulli vera turr medan heile marki er dogga!
40Og natti etter gjorde Gud som han bad: Ulli heldt seg turr, men heile marki var dogga.