1Josva Nunsson sende i løynd tvo speiarar ut frå Sittim og sa til dei: Tak av stad og sjå dykk um i landet, helst i Jeriko! So for dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkja som heitte Rahab, og der fekk dei hus.
2Då vart det sagt kongen i Jeriko at nokre israelitiske menner var komne der um kvelden og vilde speia ut landet.
3So sende kongen bod til Rahab og sa: Kom fram med dei mennene som er komne til deg, og som du hev lånt hus! Dei vil speia ut heile landet; det er det dei er komne for.
4Men kvinna tok og løynde båe mennene, og so sa ho: Ja, det er fulla so at det kom nokre menner til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå;
5og i skumingi då porten skulde stengjast, tok dei ut att; eg veit ikkje kvar dei for av. Nøyt dykk og set etter dei, so tek de dei nok att!
6Dette sa ho; men ho hadde sjølv fylgt dei upp på taket og løynt dei under noko linhalm som ho hadde breidt utyver der.
7So tok kongsmennene ut og sette etter dei på vegen til Jordan, burtåt vadi; og porten vart stengd med same dei var farne.
8Fyrr speiarane hadde lagt seg til å sova, kom Rahab upp på taket
9og sa til dei: Eg veit at Herren hev gjeve dykk dette landet. For dykkar skuld hev det kome ein otte yver oss, og alle som bur her i landet, er so redde dykk at dei skjelv.
10For me hev fenge spurt at Herren turka ut Raudehavet framfyre dykk då de for frå Egyptarland, og me hev høyrt kva de gjorde med båe amoritarkongane på hi sida Jordan, Sihon og Og, dei som de bannstøytte.
11Då me høyrde det, kolna me all igjenom, so redde vart me, og no finst det ingen meir som hev mod til å møta dykk; for Herren dykkar Gud han er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi.
12So sver meg no ved Herren, at sidan eg hev gjort sælebot på dykk, so skal de gjera sælebot på folket mitt, og gjev med trygd for
13at de vil spara foreldri og syskini mine og alt husfolket deira og berga livet vårt!
14Då sa mennene: Med vårt eige liv skal me svara for livet dykkar, so sant de ikkje let nokon få vita kva ærend me fer i; og når Herren gjev oss dette landet, so skal me vera trugne og miskunnsame mot deg.
15So fira ho dei med eit reip ned frå vindauga; for ho budde attmed bymuren, og huset hennar gjekk i eitt med muren.
16Og ho sa til dei: Far no til fjells, so de ikkje møter dei som leitar etter dykk, og haldt dykk løynde der i tri dagar, til dei kjem att; sidan kann de fara kvar de vil.
17Då sa mennene til henne: Gjer du ikkje som me no segjer, so held me oss for løyste frå den eiden du let oss sverja:
18Når me kjem inn i landet, skal du binda denne raude snori i vindauga som du fira oss ned frå, og so skal du samla foreldri og brørne dine og alt skyldfolket ditt i huset hjå deg.
19Gjeng då nokon ut or husdøri di, so er det hans eigi skuld um han vert drepen, og me er skuldlause; men vert det lagt hand på nokon av dei som er i huset hjå deg, so skal me svara for livet hans.
20Og talar du til nokon um ærendi vår, so er me og løyste frå den eiden du tok av oss.
21Ho svara: Det skal vera som de segjer. So bad ho farvel med dei, og dei gjekk. Sidan batt ho den raude snori i vindauga.
22Dei gjekk til dei kom upp i fjellet; der heldt dei seg i tri dagar, til dei som hadde sett etter dei, var attkomne; dei hadde leita etter heile vegen, men ingen funne.
23So tok dei tvo ferdamennene på heimvegen og gjekk ned frå fjellet og sette yver elvi og kom til Josva Nunsson og sa frå um alt det som hadde hendt dei.
24Og dei sa til Josva: Herren hev gjeve heile landet i våre hender, og alle som bur der, er so redde oss at dei skjelv.