Job 41NO1938N

1So djerv er ingen at han torer terga han; kven vågar då å reisa seg mot meg?

2Kven gav meg noko fyreåt, so eg laut gjeva lika for det? Alt under himmelen er mitt.

3Eg tegjer ikkje um hans lemer, hans styrke og hans vene bygnad.

4Kven hev vel drege klædnaden hans av han? Kven vågar seg inn um hans doble tanngard?

5Kven hev vel opna kjakedøri hans? Ikring hans tenner ligg det redsla.

6Byrge er radene av skjoldar; attlaten er kvar ein med fast forsigling.

7Tett ligg den eine innåt hin, og ingi luft slepp millom dei.

8Den eine skjolden heng i hop med hin; dei grip uskiljande inn i kvarandre.

9Ljos strålar fram kvar gong han nys, og augo er som kvarmane åt morgonroden.

10Brandar fer ut or gapet hans, eldgneistar sprutar derifrå.

11Or naseborone kjem røyk som or ein kjel med sev-eld under.

12Hans ande kveikjer eld i kol, og logar stend ut or hans gap.

13På halsen hans hev styrken bustad, og redsla hoppar fyre han.

14Kjøtvalkane sit fast innåt, urikkande, som støypte på han.

15Hjarta i han er fast som stein, ja, fast som understein i kverni.

16Kjempor vert fælne når han ris; av redsla vert dei reint ifrå seg.

17Um sverdet råmar han, so bit det ikkje på han, og ikkje langspjot, piler eller kastespjot.

18Han aktar jarn som var det strå, og kopar nett som fauskeved.

19Han flyr ikkje for bogesonen; stein ifrå slyngja vert som halm for han.

20Stridsklubbor reknar han for halm, han berre lær åt spjot som susar.

21På buken sit det kvasse broddar, han lagar far i søyla som ein treskjeslede.

22Han fær djupet til å koka som ei gryta, og havet til å skuma som ein salvekjel.

23Stigen hans lyser etter han; djupet ser ut som det hev sylvhår.

24På jord finst ingen ting som meistrar han; skapt er han til å vera utan reddhug.

25Alt som er høgt, ser han i auga; han er ein konge yver alle stolte dyr.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 41.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.