1Og Herren svara Job or stormen og sa:
2Spenn beltet på deg som ein mann! So vil eg spyrja deg, og du skal læra meg.
3Vil du då jamvel gjera retten min til inkjes, døma meg skuldig, so du sjølv fær rett?
4Hev du vel slik ein arm som Gud, og kann du dundra med ei røyst som hans?
5Pryd deg med høgd og herredom, klæd deg i glans og herlegdom!
6Lat so din vreide strøyma fram, og sjå på alle dei ovmodige og gjer dei mjuke!
7Ja, sjå på alle dei ovmodige og bøyg dei ned, og trakka ned dei gudlause på flekken!
8Gøym dei i moldi alle saman, bind deira andlet fast i myrkret!
9Då skal eg prisa deg, eg og, for di høgre hand kann hjelpa deg.
10Sjå Behemot, som eg hev skapt so vel som deg; plent som ein ukse et han gras.
11Sjå for ei kraft i lendene, for styrke i hans bukmusklar!
12Han strekkjer halen som ein seder; lårsenane er samantvinna.
13Hans knokar er som koparrøyrer, hans bein som stenger utav jarn.
14Han er det fremste av Guds verk; av skaparen fekk han sitt sverd.
15Fjelli gjev av seg fôr åt han, og alle villdyr leikar der.
16Han kviler under lotusbuskor og ligg i livd av røyr og sev.
17Lotusbuskor gjev han tak og skugge, og piletrei attmed bekken hegnar han.
18Gjeng elvi strid - han ottast ikkje; trygg er han um so sjølve Jordan kjem fossande imot hans gap.
19Tru nokon tek han so han ser det, og dreg ei snara gjenom nosi hans?
20Tru du kann draga Leviatan upp med krok og tvinga tunga hans med snøre?
21Kann du få sett ei sevlina i nosi hans, bora ein krok igjenom kjaken hans?
22Tru han vil beda mykje for seg eller tala mjuke ord til deg?
23Tru han vil gjera samband med deg, so han vert trælen din for alltid?
24Kann du vel leika med han liksom med ein fugl og halda han i band til gjenteborni dine?
25Skal tru eit fiskarlag kann kjøpslå um han, stykkja han ut imillom kræmarane?
26Kann du vel fylla hudi hans med spjot og like eins hans hovud med harpunar?
27Ja, prøv å leggja hand på han! Den striden kjem du til å minnast og gjer det ikkje ein gong til!
28Nei, den som vågar slikt, lid vonbrot; berre han ser han, stuper han i koll.