Jeremiah 9NO1938N

1Å um hovudet mitt var vatn, og auga mitt ei tårekjelda! Då skulde eg gråta dag og natt yver dei som er drepne i folket mitt.

2Å um eg i øydemarki hadde eit herbyrge for ferdafolk! Då skulde eg skiljast med folket mitt og fara burt frå dei; for alle saman er dei horkarar, ein flokk av svikarar.

3Dei spenner tunga som ein boge til lygn, og ikkje på ærleg vis hev dei vorte sterke i landet, men frå vondt til vondt hev dei gjenge fram, og meg kjenner dei ikkje, segjer Herren.

4Vara dykk, kvar og ein for sin ven, og lit ikkje på nokon bror! For kvar ein bror er ein stor-svikar, og kvar ein ven fer med baktale.

5Kvar og ein svik sin ven, og sanning talar dei ikkje; dei hev lært si tunge upp til å tala lygn, dei hev mødt seg ut med meinkrokar.

6Du bur midt i svik; i sitt svik vil dei ikkje kjenna meg, segjer Herren.

7Difor segjer Herren, allhers Gud, so: Sjå, eg vil smelta dei og prøva dei; for kva anna skulde eg gjera, slik som mitt folks dotter er?

8Tunga deira er ei drepande pil, svik talar ho; med munnen talar dei venleg med næsten sin, men i hjarta legg dei snara for han.

9Skulde eg ikkje heimsøkja dei for slikt? segjer Herren; skulde mi sjel ikkje hemna seg på slikt eit folk?

10Yver fjelli vil eg setja i med gråt og låt og yver beitemarkene i heidi med eit syrgjekvede; for dei er avsvidne, so ingen ferdast der, og ferauting høyrer ein ikkje; både fuglane i lufti og dyri hev flytt og fare burt.

11Og eg vil gjera Jerusalem til steinrøysar, til sjakal-bøle, og byane i Juda vil eg gjera til ei audn, so ingen bur i dei.

12Den mann som er vis, han skyne dette, og den som Herrens munn hev tala til, lat han kunngjera det: Kvifor er landet lagt i øyde? Kvifor er det avsvide som ei øydemark, so ingen ferdast der?

13Og Herren sa: Sidan dei vende seg frå lovi mi, som eg la fram for dei, og ikkje høyrde på meg og ikkje levde etter henne,

14men fylgde sitt harde hjarta, og fylgde Ba'alane, soleis som federne deira hadde lært dei,

15difor segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Sjå, eg gjev dette folket malurt å eta og eitervatn å drikka,

16og eg vil spreida dei heidningfolk som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira, og eg vil senda sverdet etter dei, til dess eg fær tynt dei.

17So segjer Herren, allhers Gud: Gjev gaum og kalla på syrgjekvendi at dei må koma, og send bod til dei kunnige kvinnone at dei må koma

18og skunda seg og setja i eit syrgjekvede yver oss, so tåror kann trilla utor augo våre og augneloki våre vassfljuga.

19For frå Sion høyrer ein omen av syrgjesong: Å, kor øydelagde me er! Me hev vorte ovleg vanæra; for landet laut me fly av di dei hev brote ned våre bustader.

20Ja, høyr, de kvinnor, Herrens ord, lat øyra dykkar taka imot ordet frå hans munn, og lær døtterne dykkar syrgjesong, og den eine lære hi syrgjekvede!

21For dauden stig upp i vindaugo våre, kjem inn i slotti våre, han vil rydja ut småborni på gata og ungdomane på torgi.

22Seg: So segjer Herren: Manneliki skal liggja som møk på marki og som kornband etter skurdfolket, og ingen samlar dei upp.

23So segjer Herren: Den vise rose seg ikkje av visdomen sin, og den sterke rose seg ikkje av styrken sin, den rike rose seg ikkje av rikdomen sin!

24Men den som vil rosa seg, han rose seg av di han er vitug og kjenner meg, at eg er Herren, som gjer miskunn, rett og rettferd på jordi; for i sovore hev eg hugnad, segjer Herren.

25Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja alle umskorne som er u-umskorne.

26Egyptarland og Juda og Edom og Ammons-borni og Moab og alle med rundklypt hår som bur i øydemarki, vil eg heimsøkja; for alle heidningefolki er u-umskorne, og heile Israels hus er u-umskore på hjarta.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.