1Høyr det ordet Herren hev tala til dykk, Israels hus!
2So segjer Herren: Ven dykk ikkje til vegen åt heidningane, og reddast ikkje himmelteikni, endå um heidningane reddast dei!
3For dei seder folkeslagi hev, er fåfengd. Dei høgg eit tre i skogen, og treskjeraren lagar det til med øksi;
4med sylv og gull pryder dei det, med naglar og hamar fester dei det, so det ikkje skal stupa.
5Som ei svarva sula er dei ting som vert laga, og dei kann ikkje tala; ein lyt bera dei, for dei kann ikkje ganga! Ikkje ottast dei! For dei kann ikkje gjera vondt, og å gjera godt hev dei heller ikkje makt til.
6Ingen er din like, Herre! Du er stor, og namnet ditt er stort ved ditt velde.
7Kven skulde ikkje ottast deg, du folke-konge! Det sømer seg; for millom alle vismenner hjå folki og i alle deira rike er ingen din like.
8Men alle saman er dei uvituge og dårar. Ei fåfengeleg læra! Tre er det,
9sylvplator, førde frå Tarsis, og gull frå Ufas, eit verk av ein treskjerar og av gullsmed-hender; klednaden deira er av blått og raudt purpur, eit verk av hage kunstmenner er dei alle.
10Men Herren er Gud i sanning; han er ein levande Gud og ein æveleg konge; for hans vreide bivrar jordi, og heidningfolki herder ikkje å standa for hans harm.
11So skal de segja til dei: Dei gudar som ikkje hev gjort himmel og jord, dei skal kverva burt frå jordi og ikkje finnast under himmelen.
12Han skapte jordi med si kraft, han grunnfeste heimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit.
13Med sin toredun fær han vatni i himmelen til å dura, han let eim stiga upp frå enden av jordi, sender eldingar med regn og fører vind ut or gøymslone sine.
14Klumsa stend kvar ein mann og hev ikkje vit på det, skjemmast lyt kvar ein gullsmed av sitt utskorne bilete; for dei støypte bileti hans er berre lygn, det er ingi ånd i dei.
15Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med dei.
16Men han som er Jakobs arvlut, er ikkje lik dei; for det er han som hev skapt alt, og Israel er hans odelsætt; Herren, allhers Gud, er namnet hans.
17Sanka godset ditt utor landet, du som bur i kringsette byar!
18For so segjer Herren: Sjå, denne gongen vil eg slengja burt dei som bur i landet, og trengja dei so dei skal få kjenna det.
19Eie meg for eit slag eg hev fenge! Ulækjande er mitt sår! Men eg segjer: Ja, dette er ei plaga som eg lyt bera.
20Tjeldet mitt er øydelagt, og alle tjeldtogi mine er avslitne; borni mine er farne frå meg og er ikkje lenger til; det er ingen som heretter kann reisa tjeldet mitt og hengja upp tjelddukane mine.
21For hyrdingane var uvituge og søkte ikkje Herren; difor for dei ikkje visleg åt, og heile hjordi deira vart spreidd.
22Høyr, ein bodskap! Sjå, han kjem, og ein stor dun frå landet i nord, og Judabyane skal gjerast til ei audn, til eit sjakal-bøle.
23Eg veit, Herre, at menneskja ikkje sjølv råder for sin veg, og at gangande mann ikkje hev makt til å styra sine steg.
24Refs meg, Herre, men med måte, ikkje i din vreide, so du ikkje skal gjera meg liten og arm!
25Renn harmen din ut yver heidningane, som ikkje kjenner deg, og yver dei ætter som ikkje kallar på namnet ditt! For dei hev ete upp Jakob, ete han upp og gjort ende på han, og bustaden hans hev dei lagt i øyde.