1Um Ammons-borni. So segjer Herren: Eig Israel ingi born, eller hev han ingen erving? Kvi hev kongen deira teke Gad til eiga, og hans folk sett seg ned i byane der?
2Sjå, difor skal dei dagar koma, segjer Herren, då eg let herrop ljoma mot Rabba i Ammonslandet, og det skal verta til aude røysar, og døtterne skal verta brende upp med eld, og Israel skal taka sine eigarar til eiga, segjer Herren.
3Øya deg, Hesbon! For Ai er lagt i øyde. Ropa, de Rabba-døtter, sveip dykk i sekk, barma dykk og renn att og fram millom kviene! For kongen deira lyt fara i utlægd, hans prestar og hovdingar alle i hop.
4Kvi gildar du deg av dalane dine, av din grøderike dal, du fråfalne dotter, som lit på skattane dine og segjer: Kven kann gjera meg noko?
5Sjå, eg let fælske koma yver deg, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud, frå alle dei som bur rundt ikring deg, og de skal verta drivne burt, kvar til din kant, og ingen skal samla i hop dei som flyr.
6Men sidan vil eg gjera ende på utlægdi åt Ammons-borni, segjer Herren.
7Um Edom. So segjer Herren, allhers Gud: Finst det ikkje visdom lenger i Teman? Tryt det på råder for dei vituge? Er visdomen deira spillt?
8Fly, snu dykk! Gøym dykk djupt nede, de som bur i Dedan! For eg Esaus ulukka koma yver han, den tid då eg heimsøkjer han.
9Um druvesankarar kjem yver deg, so leiver dei ikkje noko til ettersanking, um tjuvar kjem med natti, vil dei tyna til dei hev nok.
10For eg klæder Esau naken, eg legg gøymslone hans i berrsyni, og vil han løyna seg, kann han ikkje; borni hans og brørne hans og grannane hans vert tynte, og det er ute med han.
11Bry deg ikkje um dine farlause! Eg vil halda liv i dei, og enkjone dine kann lita på meg.
12For so segjer Herren: Sjå, dei som med rette ikkje skulde ha drukke or staupet, dei lyt drikka, og so skulde du sleppa urefst? Nei, du skal ikkje sleppa urefst, drikka skal du.
13For eg hev svore ved meg sjølv, segjer Herren, at Bosra skal verta til ei skræma, til hæding, til ei audn og til ei forbanning, og alle byane som høyrer til, skal æveleg liggja i røysar.
14Ei tidend hev eg høyrt frå Herren, og ein bodberar er send ut millom folkeslagi. Samla dykk og far imot det, statt upp til strid!
15For sjå, eg gjer deg liten millom folki, vanvyrd millom menner.
16Redsla kome yver deg! Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som bur i bergklypor, du som held til uppå høgdene. Um du byggjer reiret ditt høgt som ørnen, so skal eg støypa deg ned derifrå, segjer Herren.
17Og Edom skal verta til ei skræma; alle som fer der framum, skal reddast og spotta yver alle plagone hans.
18Liksom då Sodoma og Gomorra og grannebyane vart lagde i røys, segjer Herren, so skal ingen mann bu der, og inkje mannsbarn halda til der.
19Sjå, han stig upp som ei løva or Jordans prydnad og inn på dei sigrøne engjar; for i ein augneblink vil eg jaga Edoms-folket burt derifrå, og den som er utvald, vil eg setja yver det; for kven er min like, og kven vil stemna meg, og kven er den hyrdingen som stend seg for meg?
20Høyr difor den rådgjerdi Herren hev teke mot Edom, og dei tankane han hev tenkt mot Teman-buane: Sanneleg, dei skal dragsa dei burt, dei små lambi; sanneleg, beitelandet deira skal taka fæla av dei.
21Av braket av deira fall bivrar jordi; omen av naudropet høyrer ein radt til Raudehavet.
22Sjå, lik ein ørn stig han upp og flyg fram og breider vengene ut yver Bosra, og Edom-kjempone vert den dagen til mods som ei kvinna i barnsnaud.
23Um Damaskus. Hamat og Arpad er skjemde, for dei hev spurt ei låk tidend, dei er reint vitskræmde; i havet er uro, det kann ikkje vera stilt.
24Damaskus er hugfalle, det snur seg og flyr, fæla hev teke det; angest og rider hev teke det liksom kvinna i barnsnaud.
25Å, kor han er forlaten, den namnfræge byen, fagnadbyen min!
26Difor skal hans sveinar falla på gatone hans, og alle hermennene skal verta tynte den dagen, segjer Herren, allhers Gud.
27Eg vil setja eld på Damaskusmuren, og han skal øyda Benhadadslotti.
28Um Kedar og Hasorriki, som Nebukadnesar, Babel-kongen, vann yver. So segjer Herren: Statt upp, far upp imot Kedar og tyn austmennene!
29Tjeldi deira og småfeet deira skal dei taka; tjelddukane deira og all bunaden deira og kamelane deira skal dei føra burt med seg, og dei skal ropa til dei: Redsla rundt ikring!
30Fly, røm undan mest de vinn, gøym dykk djupt nede, de Hasor-buar, segjer Herren; for Nebukadnesar, Babel-kongen, hev teke ei rådgjerd mot dykk og tenkt ut vondt imot dykk.
31Statt upp, far upp mot eit fredleg folk, som bur trygt; dei hev korkje port eller bom, dei bur for seg sjølve.
32Kamelane deira skal verta til ran, og den store buskapen deira til herfang, og eg vil spreida dei for alle vindar, mennene med rundklypt hår, og frå alle leider let eg ulukka koma yver dei, segjer Herren.
33Og Hasor skal verta til sjakal-bøle, ei audn til æveleg tid; ingen mann skal bu der, og inkje mannsbarn skal halda til der.
34Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremias um Elam i den fyrste tidi Sedekias var konge i Juda:
35So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, eg bryt sund for Elam hans boge, det likaste våpnet deira.
36Og eg sender mot Elam fire vindar frå dei fire himmelættene og spreider dei for alle desse vindane, og det skal ikkje finnast det folket som ikkje dei burtdrivne frå Elam skal koma til.
37Eg vil gjera elamitane redd for fiendane sine og for dei som stend dei etter livet, og eg vil lata ulukka koma yver dei, min brennande harm, segjer Herren, og eg vil senda sverd etter dei, til eg fær gjort ende på dei.
38Eg vil setja kongsstolen min i Elam, og eg vil rydja ut der både konge og hovdingar, segjer Herren.
39Men i dei siste dagar vil eg gjera ende på Elams utlægd, segjer Herren.