1Um Moab. So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Usæla yver Nebo, for det er øydt; Kirjata'im hev vorti til skammar, det er teke; borgi hev vorte til skammar og er livskræmd.
2Med Moabs frægd er det ute; i Hesbon legg dei upp meinråder mot det: Kom, lat oss rydja det ut, so det ikkje lenger er eit folk! Du og, Madmen, skal tagna, sverdet skal elta deg.
3Naudrop høyrest frå Horona'im: herjing og stort tjon.
4Moab er lagt i øyde, borni set i med klagerop.
5For gråtande gjeng dei upp bakken til Luhut; på vegen ned til Horona'im høyrest redde klagerop yver tjonet.
6Fly, berga livet dykkar! Vert liksom hjelpelaust folk i øydemarki.
7Av di du leit på ditt gods og dine skattar, skal du og verta teken, og Kamos lyt fara i utlægd, hans prestar og hovdingar alle i hop.
8Og ein tynar skal koma yver kvar ein by, og ingen skal verta spard; dalen skal ganga til grunns og slettlendet verta øydelagt, so som Herren hev sagt.
9Gjev Moab venger, for fljugande fort lyt han fara burt, og hans byar skal verta ei audn, so ingen bur i dei.
10Forbanna vere den som er seinfør til å gjera Herrens verk, og forbanna vere den som held sverdet sitt att frå blod!
11Moab hev levt i fred frå sin ungdom; han hev lege still på bermen sin og er ikkje tappa frå fat til fat, og aldri hev han fare i utlægd; difor sit dåmen hans i han endå, og angen av han hev ikkje brigdast.
12Sjå, difor skal dei dagar koma, segjer Herren, då eg sender han vintapparar, og dei skal halla på han og tøma fati og krasa krukkone hans.
13Då skal Moab skjemmast av Kamos, liksom Israels hus skjemdest av Betel, som dei leit på.
14Kor kann de segja: Me er kjempor og djerve hermenner?
15Moab vert øydelagd, og dei stig upp i byane hans, og hans utvalde sveinar stig ned til å verta slakta, segjer kongen - Herren, allhers Gud, er namnet hans.
16Moabs uferd er komi nær, og ulukka hans hev bråhast.
17Hav medynk med han, alle de som bur kringum han, og alle de som kjenner namnet hans! Seg: Kor han hev brotna, den sterke teinen, den prydelege staven!
18Stig ned or ditt æresæte og set deg i eit turt land, du Dibons dotter som bur i byen! For Moabs tynar stig upp imot deg, han legg borgene dine i øyde.
19Statt attmed vegen og skygn utyver, du som bur i Aroer! Spør dei som flyr, og dei undankomne, seg: Kva er hendt?
20Moab hev vorte til skammar, for han er krasa. Barma dykk og ropa! Kunngjer ved Arnon at Moab er øydelagd!
21Domen er komen yver slettelandet, yver Holon og Jahsa og Mofa'at,
22yver Dibon og Nebo og Bet-Diblata'im,
23yver Kirjata'im og Bet-Gamul og Bet-Meon,
24yver Kerijot og Bosra og yver alle byane i Moablandet, fjerr og nær.
25Avhogge er Moabs horn, og armen hans er broten, segjer Herren.
26Gjer han drukken, for han hev ovmoda seg mot Herren! Moab skal velta seg i spya si og verta til åtløgje, han og.
27Eller hadde du ikkje Israel til åtløgje? Eller vart han teken millom tjuvar, sidan du rister på hovudet kvar gong du talar um han?
28Gakk ut ifrå byane og bu på fjellet, de Moabs ibuarar, og ver like duva som lagar seg reir burtanfor gjel-gapet!
29Me hev høyrt um Moabs veldige ovmod, um hans storlæte og ovmod og byrgskap og stolte hjarta.
30Eg kjenner, segjer Herren, hans ageløysa og hans fåfengelege kyt; fåfengd hev han fare med.
31Difor lyt eg barma meg yver Moab, yver heile Moab lyt eg ropa; yver mennene i Kir-Heres lyt ein sukka.
32Som Jaser græt, græt eg yver deg, du vintre frå Sibma! Kvistene dine gjekk ut yver havet, dei nådde alt til Jaserhavet; midt i fruktonni di og vinonni di søkjer ein tynar på deg.
33Gleda og fagnad kverv or aldehagane og or Moablandet, og vinen let eg trjota i vinpersone; ingen skal trøda vinpersa med fagnadrop; ein høyrer fagnadrop som ikkje er fagnadrop.
34Ein høyrer naudrop frå Hesbon og alt til El'ale, ja alt til Jahas, frå Soar til Horona'im, triæringskviga; for jamvel Nimrimvatni vert til øydemarker.
35Og eg ryd ut or Moab, segjer Herren, kvar og ein som stig upp på ein haug og brenner røykjelse for gudane sine.
36Difor klagar mitt hjarta liksom fløytor yver Moab, mitt hjarta klagar liksom fløytor yver mennene i Kir-Heres; difor gjeng det til grunns det som Moab hev drege i hop, det uppsparde godset.
37For kvart eit hovud er fleinskalla, og alt skjegg er avraka; på alle hender er det rispa i holdet, og um lendene er sekk.
38På alle tak i Moab og på gatone høyrest berre usælerop; for eg hev krasa Moab som eit kjerald ingen bryr seg um, segjer Herren.
39Å, kor forferd han er, kor dei eiar seg! Sjå kor Moab snur ryggen til! Kor skjemd han er! Moab vert til åtløgje og til ei skræma for alle som bur der kringum.
40For so segjer Herren: Sjå, han flyg som ein ørn og breider vengene ut yver Moab.
41Byane vert tekne, borgene storma, og kjempone i Moab vert den dagen til mods som ei kvinna i barnsnaud.
42Moab vert øydelagd, so han ikkje lenger er eit folk, av di han hev ovmoda seg mot Herren.
43Gru og grav og garn yver deg, du som bur i Moab, segjer Herren.
44Den som flyr undan grui, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verta fanga i garnet; for eg let eit heimsøkjings-år koma yver Moab, segjer Herren.
45I Hesbons skugge stend maktstolne rømingar; for eld fer ut frå Hesbon og ein loge frå Sihon, og han øyder Moabs tunnvange og kruna åt ufredsætti.
46Usæl du, Moab! Det er ute med folket åt Kamos; for sønene dine vert førde burt i fengsel og døtterne dine til å sitja fangar.
47Men i dei siste dagar vil eg gjera ende på Moabs utlægd, segjer Herren. Her endar domen yver Moab.