Jeremiah 35NO1938N

1Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren på den tidi Jojakim Josiasson var konge i Juda:

2Gakk til Rekabs-ætti og tala til dei og kom med dei til Herrens hus, inn i ein av kovane, og gjev dei vin å drikka!

3Då tok eg Ja'asanja, son åt Jirmeja Habasinjason, og brørne hans og alle sønene hans og heile Rekabs-ætti

4og hadde dei med til Herrens hus, inn i koven åt sønene til gudsmannen Hanan Jigdaljason, den som låg jamsides med hovdingkoven, uppe yver koven åt Ma'aseja Sallumsson, dørvaktaren.

5Og eg sette fram for Rekabs-ætti skåler fulle av vin, og staup. So sa eg til dei: Drikk vin!

6Men dei sa: Me drikk ikkje vin; for Jonadab Rekabsson, far vår, hev gjeve oss det påbodet: De skal aldri drikka vin, korkje de eller borni dykkar,

7og de skal ikkje byggja hus og ikkje så korn og ikkje planta vinhage eller eiga noko sovore; men i tjeldbuer skal de bu alle dykkar dagar, so de kann leva lenge i det landet der de bur som utlendingar.

8Og me lydde Jonadab Rekabsson, far vår, i alt det han bad oss um - at me aldri skulde drikka vin, korkje me eller konone våre eller sønene våre eller døtterne våre,

9og ikkje byggja oss hus til å bu i og ikkje hava vinhage eller åker og ikkje så korn.

10Me budde i tjeldbuer og var lydige og gjorde alt det som Jonadab, far vår, hadde bede oss um.

11Men då Nebukadnesar, Babel-kongen, kom farande upp i landet, då sa me: Kom og lat oss fara til Jerusalem, so me kann sleppa undan kaldearheren og syrarheren! So sette me då bu i Jerusalem.

12Då kom Herrens ord til Jeremias, og det lydde so:

13So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Gakk og seg til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Vil de ikkje taka age og lyda mine ord? segjer Herren.

14Bodi åt Jonadab Rekabsson er haldne, dei som han gav borni sine, at dei ikkje skulde drikka vin, og alt til denne dag hev dei ikkje drukke vin, men lydt påbodet frå far sin. Og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de hev ikkje lydt meg.

15Og jamt og samt sende eg til dykk alle tenarane mine, profetane, og sa: Vend um, kvar frå sin vonde veg, og lat gjerningane dykkar betrast og fylg ikkje andre gudar, so de tener dei! So skal de få bu i det landet som eg hev gjeve dykk og federne dykkar. Men de la ikkje øyra til og lydde meg ikkje.

16Ja, Jonadab Rekabssons born hev halde dei bodi som far deira gav dei; men dette folket hev ikkje lydt meg.

17Difor segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Sjå, eg let koma yver Juda og yver alle dei som bur i Jerusalem, all den ulukka som eg hev truga dei med, av di dei ikkje vilde høyra når eg tala til dei, og ikkje svara når eg ropa på dei.

18Men til Rekabs-ætti sa Jeremias: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Av di de hev lydt påbodet frå Jonadab, far dykkar, og halde alle bodi hans og gjort i alle måtar som han baud dykk,

19difor segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Aldri skal det vanta ein mann av Jonadab Rekabssons ætt som kann standa for mi åsyn.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 35.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.