1Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren medan Nebukadnesar, Babel-kongen, stridde mot Jerusalem og alle byane hennar, han og heile heren hans og alle rike på jordi som han rådde yver, og alle folkeslagi:
2So segjer Herren, Israels Gud: Gakk og tal til Sedekias, Juda-kongen, og seg til han: So segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i hendene på Babel-kongen, og han skal brenna han upp.
3Og du sjølv skal ikkje sleppa undan han, men du skal verta teken og gjeven i hans hand, og augo dine skal sjå augo åt Babel-kongen, og hans munn skal tala med din munn, og til Babel skal du koma.
4Men høyr Herrens ord, Sedekias, Juda-konge! So segjer Herren um deg: Du skal ikkje døy for sverd.
5I fred skal du døy, og liksom dei brende bål til æra for federne dine, dei fyrre kongane, dei som var fyre deg, so skal dei og brenna for deg, og dei skal halda syrgjehøgtid etter deg og ropa: Ai ei, herre! For eit ord hev eg tala, segjer Herren.
6Og profeten Jeremias tala alle desse ordi til Sedekias, Juda-kongen, i Jerusalem
7medan heren åt Babel-kongen stridde imot Jerusalem og imot alle Judabyane som endå var att, Lakis og Aseka; for det var dei faste byane som endå var att av Judabyane.
8Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren etter kong Sedekias hadde gjort ei semja med alt folket i Jerusalem um å lysa ut fridom,
9so at kvar mann skulde gjeva trælen sin og trælkvinna si frie, um dei var hebrearar, so ingen skulde halda sin jødiske bror i trældom.
10Då lydde alle hovdingane og alt folket som hadde gjort den semja at kvar mann skulde gjeva trælen sin og trælkvinna si frie og ikkje lenger halda dei i trældom; dei lydde og gav dei frie.
11Men sidan gjorde dei det um att; dei tok tilbake dei trælane og trælkvinnone som dei hadde slept frie, og truga dei til å vera trælar og trælkvinnor att.
12Då kom Herrens ord til Jeremias - Herren sa:
13So segjer Herren, Israels Gud: Eg gjorde ei pakt med federne dykkar den dagen eg førde dei ut or Egyptarlandet, or trælehuset, og eg sa:
14I det sjuande året skal de gjeva fri kvar sin bror som hev selt seg til deg, um han er hebrear; i seks år skal han tena deg, og so skal du lata han fara frå deg fri. Men federne dykkar høyrde ikkje på meg og vende ikkje øyra sitt til.
15Men no hadde de snutt og gjort det som er rett i mine augo, med di de hadde lyst ut fridom, kvar og ein for sin næste, og de hadde gjort ei semja for mi åsyn i det huset som er uppkalla etter mitt namn.
16Men so snudde de um-att og vanhelga namnet mitt og tok tilbake kvar sin træl og kvar si trælkvinna, som de hadde slept frie so dei kunde råda seg sjølve, og de truga dei til å vera trælar og trælkvinnor åt dykk att.
17Difor segjer Herren so: De hev ikkje høyrt på meg og lyst ut fridom, kvar og ein for sin bror og sin næste; sjå, eg ropar ut fridom for dykk, segjer Herren, so de vert gjevne åt sverdet og sotti og svolten, og eg let alle riki på jordi fara ille med dykk.
18Og eg gjev dei mennene som braut pakti mi, som ikkje heldt ordi i den pakti dei gjorde for mi åsyn, då dei skar paktkalven i tvo, og so gjekk millom lutene av han,
19hovdingane i Juda og hovdingane i Jerusalem, hirdmennene og prestane og heile landslyden, som gjekk millom lutene av kalven -
20eg gjev dei i hendene på fiendane deira og i hendene på dei som stend dei etter livet, og liki deira skal verta til mat åt fuglane i lufti og dyri på jordi.
21Og Sedekias, Juda-kongen, og hovdingane hans gjev eg i hendene på fiendane deira og i hendene på dei som stend dei etter livet, og i hendene på heren åt Babel-kongen, som no er faren burt frå dykk.
22Sjå, eg byd, segjer Herren, at dei skal koma attende til denne byen, og dei skal strida imot han og taka han og brenna han upp, og byane i Juda vil eg gjera til ei audn, der ingen bur.