Jeremiah 31NO1938N

1I den tidi, segjer Herren, vil eg vera Gud for alle ættgreinene i Israel, og dei skal vera mitt folk.

2So segjer Herren: Det folket som slapp undan sverdet, hev funne nåde i øydemarki; eg vil av og føra Israel til ro.

3Langt burtanfrå hev Herren openberra seg for meg: Ja, med æveleg kjærleik hev eg elska deg, difor hev eg late mi miskunn mot deg halda ved.

4Endå ein gong skal eg byggja deg, so du vert uppatt-bygd, du møy Israel! Endå ein gong skal du pryda deg med handtrummone dine og ganga ut i dansen med dei glade.

5Endå ein gong skal du planta vinhagar på Samariafjelli; dei som plantar, skal hausta og.

6For det kjem ein dag då vaktmenner skal ropa på Efra'imsfjellet: Statt upp og lat oss draga upp til Sion, til Herren vår Gud!

7For so segjer Herren: Fagna dykk yver Jakob med gleda og set i med fagnadrop yver det gjævaste av folki! Lat lovsong ljoma og seg: Herre, frels ditt folk, dei som er att av Israel!

8Sjå eg let dei koma frå landet i nord og samlar dei frå utkantane av jordi; ibland dei er både blinde og halte, både fremmelege kvende og fødande; i ein stor flokk skal dei koma hit tilbake.

9Gråtande skal dei koma og med audmjuke bøner; eg vil fylgja dei; eg vil leida dei til rennande bekker på ein jamn veg, der dei ikkje skal snåva. For eg er vorten ein far for Israel, og Efra'im er min fyrstefødde son.

10Høyr Herrens ord, de folk, og gjer det kunnigt på øyane langt burte og seg: Han som spreidde Israel, vil samla det og gjæta det, som ein hyrding gjæter hjordi si.

11For Herren hev fria Jakob ut og løyst han ut or hendene på den som var sterkare enn han.

12Og dei skal koma og fagna seg på Sionshøgdi, og dei skal strøyma til dei gode ting frå Herren, til korn og til druvesaft og til olje, til unge sauer og naut, og sjeli deira skal vera lik ein vassrik hage, og dei skal ikkje ormektast lenger.

13Då skal møyar fegnast i dans, og gutar og gamlingar gleda seg saman, og eg skal venda sorgi deira til gleda og hugga dei og gleda dei etter deira sut.

14Og eg skal kveikja prestane med feite retter, og mitt folk skal mettast med mine gode ting, segjer Herren.

15So segjer Herren: Dei høyrer ei røyst i Rama, øyding, sår gråt; Rakel græt for borni sine; ho vil ikkje lata seg trøysta for borni sine, for dei er ikkje lenger til.

16So segjer Herren: Haldt upp med gråten din, og lat ikkje augo dine tårast lenger! Du skal få løn for arbeidet ditt, segjer Herren, og dei skal snu heim att frå fiendelandet.

17Ja, det er von for di framtid, segjer Herren, og borni skal snu heim att til landet sitt.

18Eg hev greinleg høyrt kor Efra'im barmar seg: Du hev aga meg, ja, eg vart aga som ein utamd kalv; vend du meg um, so vert eg umvend, for du er Herren min Gud.

19For sidan eg vende meg burt frå deg, angrar eg, og sidan eg vitrast, slær eg meg på lendi; eg blygjest, ja, eg skjemmest, for eg lyt bera skammi frå ungdomstidi mi.

20Er då Efra'im meg so kjær ein son eller slikt eit eigna-barn, sidan eg stødt lyt minnast han, endå eg so ofte hev truga han? Difor kløkkjest hjarta mitt av medynk med han, eg lyt miskunna han, segjer Herren.

21Reis deg vardar, set deg vegvisarar, gjev gaum etter kongsvegen, vegen du gjekk! Snu heim att, du møy Israel, snu heim att til byane dine her!

22Kor lenge vil du reika der att og fram, du fråfalne dotter? For Herren skaper noko nytt i landet: Kvinna skal stødt vera ikring mannen.

23So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei segja so i Judalandet og byane der, når eg gjer ende på utlægdi deira: Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell!

24Og Juda med alle sine byane skal bu der i lag og vera bønder og kringfarande hyrdingar.

25For eg vil kveikja den utmødde sjel, og alle ormekta sjeler vil eg metta.

26Ved dette vakna eg og såg meg um, og svevnen hadde vore blid.

27Sjå dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil så Israelslandet og Judalandet med sæde av menneske og sæde av dyr.

28Og som eg vakte yver dei til å ryskja upp og riva ned og brjota ned og øyda og plaga dei, soleis vil eg og vaka yver dei til å byggja og planta, segjer Herren.

29I dei dagane skal dei ikkje lenger segja: Federne åt sure druvor, og borni vart sårtente.

30Men kvar og ein skal døy for si eigi misgjerd; kvar den mann som et sure druvor, skal sjølv verta sårtent.

31Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og med Judas hus,

32ikkje slik ei pakt som den eg gjorde med federne deira den dagen eg tok dei i handi og leidde dei ut or Egyptarlandet, den pakti med meg som dei braut, endå eg var deira rette herre, segjer Herren;

33men dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagane, segjer Herren: Eg vil leggja lovi mi i hugen deira og skriva henne i hjarta deira, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

34Då skal dei ikkje lenger læra kvar sin næste og kvar sin bror og segja: Kjenn Herren! For dei skal alle kjenna meg, både små og store, segjer Herren; for eg skal forlata deira misgjerning og ikkje lenger minnast deira synd.

35So segjer Herren, som sette soli til å lysa um dagen og lover for månen og stjernone, so dei lyser um natti, han som reiser upp havet so bårone bruser - Herren, allhers Gud, er namnet hans:

36Dersom desse lovene ikkje lenger stend ved lag for mi åsyn, segjer Herren, då skal og Israels ætt halda upp med å vera eit folk framfor mi åsyn alle dagar.

37So segjer Herren: Dersom himmelen let seg mæla der uppe, og grunnvollane åt jordi let seg ransaka der nede, då skal eg og støyta frå meg all Israels ætt for alt det dei hev gjort, segjer Herren.

38Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då byen skal verta bygd åt Herren, frå Hananeltårnet alt til Hyrneporten,

39og mælesnori skal ganga derifrå beint fram yver Garebhaugen, og so svinga burt til Goa,

40og heile dalen med dei daude skrottane og oska, og alle markene burtåt Kedronsbekken, alt aust til Hesteporthyrna, skal vera heilage for Herren. Aldri meir skal noko rykkjast upp eller rivast ned der.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 31.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.