Jeremiah 30NO1938N

1Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren:

2So segjer Herren, Israels Gud: Skriv upp i ei bok alle dei ordi eg hev tala til deg!

3For sjå, dagar skal koma, segjer Herren, då eg endar utlægdi åt folket mitt, Israel og Juda, og let dei koma heim att til det landet som eg gav federne deira, so dei kann eigna det til seg.

4Og dette er dei ordi som Herren hev tala um Israel og Juda:

5So segjer Herren: Eit redslerop hev me høyrt; der er otte og ingen fred.

6Spør og sjå etter um ein karmann fær barn! Kvi ser eg då alle mann med hendene på lendene liksom kvinna i barnsnaud, og kvi er alle andlet vortne nåbleike?

7Å! Stor er den dagen, han hev ikkje sin like, og ei trengsletid er det for Jakob; men han skal verta frelst derifrå.

8Og det skal henda den dagen, segjer Herren, allhers Gud, at eg vil brjota åket hans og taka det av nakken din, og bandi dine vil eg slita sund, og framande skal ikkje trælka deg lenger.

9Og dei skal tena Herren sin Gud og David sin konge, som eg vil reisa upp åt dei.

10So ottast ikkje, du min tenar Jakob, segjer Herren, og reddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg frå det burtlengste land og ætti di frå det landet som dei var burtførde til, og Jakob skal snu heim att og leva i ro og vera trygg, og ingen skal skræma han.

11For eg er med deg, segjer Herren, og vil frelsa deg; eg vil gjera ende på alle dei folki som eg hev spreidt deg imillom; det er berre deg eg ikkje vil gjera ende på; eg vil aga deg med måte, men reint utan refsing kann eg ikkje lata deg vera.

12For so segjer Herren: Ubøtande er skaden din, ulækjande såret ditt.

13Ingen tek saki di på seg og kreistar verken ut; det bid ikkje helsebot, ikkje plåster for deg.

14Alle elskarane dine hev gløymt deg, dei spør ikkje etter deg; for eg hev slege deg som ein fiende slær, eg hev aga deg som den miskunnlause, for di misgjerningi di er stor og syndene dine mange.

15Kvi eiar du deg yver skaden din, yver at plaga di er ulækjande? For di misgjerningi di er stor og syndene dine mange, hev eg gjort deg dette.

16Difor skal alle som et på deg, verta uppetne, og alle som er dine fiendar, verta burtførde, alle saman, og dei som herjar deg, skal verta herja, og alle som ranar frå deg, vil eg gjeva til ran.

17For eg vil leggja bindsel på deg og lækja såri dine, segjer Herren; for dei kallar deg «den burtdrivne», «Sion som ingen spør etter».

18So segjer Herren: Sjå, eg endar utlægdi for Jakobs tjeld og miskunnar bustadene hans; byen skal verta bygd på haugen sin, og slottet skal standa på sin rette stad.

19Lovsong skal ljoma frå dei, og rop av glade menneske; eg vil lata dei aukast, og dei skal ikkje minka i tal; eg vil æra dei, og dei skal ikkje verta mismætte.

20Sønene hans skal vera som fordom, og lyden hans skal standa stødt for mi åsyn, og eg vil heimsøkja alle som trælkar han.

21Hans herlege skal vera av hans eigi ætt, og drotten skal ganga fram or hans eigen flokk, og eg vil lata han koma nær innåt meg, og hans skal stiga fram for meg; for kven vil elles våga livet og koma meg nær? segjer Herren.

22Og de skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.

23Sjå, ein storm frå Herren, vreiden hans, bryt fram, ein rjukande storm; ned yver hovudet på dei ugudlege kjem han i kvervlar.

24Herrens brennande vreide skal ikkje venda att fyrr han hev sett i verk og fullført sitt hjartans tankar; i dei siste dagar skal de skyna dette.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 30.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.