1Og Herrens ord kom til meg; det lydde so:
2Gakk av stad og ropa ut for Jerusalems øyro: So segjer Herren: Eg kjem deg i hug for din elskhug i din ungdom, din kjærleik i dine festarmålsdagar, kor du fylgde meg i øydemarki, i eit land der ingen sår.
3Heilagt var Israel for Herren, hans fyrstegrøda; alle som vilde eta det, laut bøta, ulukka kom yver dei, segjer Herren.
4Høyr Herrens ord, Jakobs hus, og alle ætter i Israels hus!
5So segjer Herren: Kva hev federne dykkar funne rangt hjå meg, sidan dei gjekk burt ifrå meg og fylgde fåfengelege gudar og vart fåfengelege sjølve?
6Dei sa ikkje: Kvar er Herren, som førde oss ut or Egyptarlandet, som leidde oss i øydemarki, i eit land med heidar og klufter, eit land med turk og daudeskugge, i eit land der ingen mann hev fare, og der inkje menneske hev butt?
7Og eg førde dykk inn i eit grøderikt land, so de fekk eta frukti og dei gode ting der. Men då de kom dit inn, sulka de landet mitt og gjorde odelen min til ein styggedom.
8Prestane sa ikkje: Kvar er Herren? Og dei som handsama lovi, kjende meg ikkje, og hyrdingane fall frå meg, og profetane spådde ved Ba'al og fylgde dei som ikkje kann hjelpa.
9Difor vil eg framleides tretta med dykk, segjer Herren; ja, med barneborni dykkar vil eg tretta.
10Far yver til Kittearøyane og sjå, og send bod til Kedar og gauma vel etter og sjå um slikt hev hendt!
11Hev vel noko heidningfolk bytt burt sine gudar, endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk hev bytt si æra burt i det som ikkje kann hjelpa.
12Vert forstøkte, de himlar, yver slikt, og tak fæla og stivna, segjer Herren.
13For tvo illverk hev mitt folk gjort: Dei vende seg frå meg, kjelda med det levande vatnet, og hogg seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn.
14Er Israel ein træl? Er han ein heimefødd træl? Kvi er han vorten eit herfang?
15Ungløvor bura mot han; dei let røysti si ljoma, og dei gjorde hans land til ei audn; hans byar vart brende, so ingen bur der.
16Jamvel Memfis- og Tahpenes-borni hev gjort deg snaud i kruna.
17Hev du ikkje sjølv valda deg dette, med di du vende deg frå Herren din Gud den tid han vilde leida deg på vegen?
18Og no, kvifor tek du vegen til Egyptarland og vil drikka vatn or Sikor? Og kvi tek du vegen til Assyria og vil drikka vatn or elvi?
19Din vondskap agar deg, og dine fråfall refser deg; kjenn då og sjå at der er vondt og beiskt at du vender deg frå Herren din Gud, og at du ikkje hev otte for meg, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud.
20For alt longe sidan braut du sund ditt åk, sleit sund dine band og sa: Eg vil ikkje tena. Men på kvar ein høg haug og under kvart eit grønt tre la du deg ned og dreiv hor.
21Du var då eit godt vintre då eg planta deg, alt igjenom av ekte sæde; korleis hev du då vorte umskapt for meg til villvin av framandt slag?
22For um du so vilde två deg i lut og bruka mykje såpa, so vilde di misgjerning endå vera urein for meg, segjer Herren, Israels Gud.
23Kor kann du segja: Utsulka er eg ikkje, etter Ba'alane hev eg ikkje gjenge? Sjå på vegen din i dalen! Skyna kva du hev gjort, du lettføtte kamelfylja som renner hit og dit!
24Som ei vill-asna, van med øydemarki, syp ho etter anden i si trå; brund-giren hennar - kven kann døyva den? Dei som leitar etter henne, tarv ikkje renna seg trøytte; i hennar månad finn dei henne.
25Vara foten din so han ikkje vert berr, og strupen din so du ikkje vert tyrst! Men du segjer: Fåfengt! Nei! Eg elskar framande, og etter dei vil eg ganga.
26Liksom tjuven lyt skjemmast når han vert teken, soleis lyt Israels hus skjemmast, dei sjølve, kongane deira, hovdingane deira og prestane deira og profetane deira,
27for di dei segjer til treet: Du er min far, og til steinen: Du hev født meg. For dei hev snutt ryggen til meg og ikkje andletet. Men når dei er i naud, då ropar dei: Ris upp og hjelp oss!
28Kvar er då gudane dine som du gjorde deg? Lat dei risa upp, um dei kann hjelpa deg når du er i naud! For gudane dine, Juda, er vortne likso mange som byane dine.
29Kvi tretter de med meg? Alle hev de falle frå meg, segjer Herren.
30Til fånyttes slo eg borni dykkar; age tok dei ikkje; som ei herjande løva gløypte dykkar sverd profetane dykkar.
31Du vonde ætt, gjev gaum etter Herrens ord! Hev eg vore ei øydemark for Israel eller eit stum-myrkt land? Kvifor segjer mitt folk: Me gjeng lause, me vil aldri meir koma til deg?
32Gløymer vel ei møy sin prydnad, ei brur sitt belte? Men mitt folk hev gløymt meg i uteljande dagar.
33Kor vel du veit å leggja vegen din når du leitar etter elskhug! Difor vandest du og på dine vegar til det vonde.
34Ja, på kjolesnippane finst det blod av skuldlause armingar; du kom ikkje på dei i innbrot, men det var av di alt dette er funne hjå deg.
35Endå segjer du: Eg er skuldlaus, vreiden hans hev visseleg vendt seg frå meg. Sjå, eg vil ganga til doms med deg av di du segjer: Eg hev ikkje synda.
36Kvi fer du so mykje ikring og skifter leid? Med Egyptarland og skal du verta til skammar, like eins som du vart til skammar med Assyria.
37Derifrå med skal du ganga ut med hendene på hovudet; for Herren hev støytt burt dei du lit på, og du fær ingi lukka med dei.