Jeremiah 1NO1938N

1Ord av Jeremias Hilkiasson, ein av prestane i Anatot i Benjaminslandet.

2Til han kom Herrens ord i dei dagane då Josias Amonsson var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans,

3og sidan i dei dagane då Jojakim Josiasson var konge i Juda, alt til slutten av det ellevte styringsåret åt Sedekias Josiasson, Juda-kongen, då Jerusalems-buane vart burtførde i den femte månaden.

4Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

5Fyrr eg skapte deg i morslivet, kjende eg deg, og fyrr du kom ut or morsfanget, helga eg deg; til profet åt folki sette eg deg.

6Men eg sa: Å, Herre, Herre! Sjå, eg kann ikkje med å tala; for eg er so ung.

7Då sa Herren til meg: Seg ikkje: Eg er so ung! Men til alle som eg sender deg til, skal du ganga, og alt det eg byd deg, skal du tala.

8Ikkje ottast dei! For eg er med deg og vil berga deg, segjer Herren.

9Og Herren rette ut handi og tok på munnen min. So sa Herren til meg: Sjå, eg legg ordi mine i din munn.

10Sjå, eg set deg i dag yver folki og yver kongeriki til å rykkja upp og riva ned, til å tyna og brjota ned, til å byggja og til å planta.

11Herrens ord kom til meg; det lydde so: Kva ser du, Jeremias? Eg svara: Ein stav av vake-treet ser eg.

12Då sa Herren til meg: Gløgt såg du no; for vaka vil eg yver mitt ord, so eg set det i verk.

13So kom Herrens ord til meg andre gongen: Kva ser du? Eg svara: Ei kokande gryta ser eg; og nordantil snur ho seg hit.

14Då sa Herren til meg: Nordantil kjem ulukka sendande yver alle som bur i landet.

15For sjå, eg kallar på kvar ei folkeætt i riki der nord, segjer Herren, og dei skal koma og setja kvar sin stol attmed inngangen til portane i Jerusalem og mot alle murane um det rundt ikring og mot alle byane i Juda.

16Og eg vil segja mine domar yver dei for all deira vondskap, av di dei vende seg frå meg og brende røykjelse for andre gudar og tilbad dei verk deira hender gjorde.

17Men du - gyrd dine lender og statt upp og tala til dei alt det som eg byd deg! Ikkje ver redd dei, so ikkje eg skal gjera deg redd dei!

18Og sjå, eg gjer deg i dag til ei fast borg og til ein jarnstolpe og til ein koparmur mot alt landet: mot kongane i Juda, mot hovdingane, mot prestane og mot lyden i landet;

19dei skal strida mot deg, men ikkje vinna på deg; for eg er med deg, segjer Herren, og skal berga deg.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.