Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Jeremiah 18

:
Norwegian - NO1938N
1 Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren:
2 Statt upp og gakk ned til krusmakar-huset, og der skal eg lata deg høyra ordi mine.
3 Eg gjekk ned til huset åt krusmakaren, og sjå, han gjorde arbeidet sitt svarveskiva;
4 vart det ubrukande, kjeraldet som krusmakaren heldt å gjera, so som det kann verta med leiret i handi krusmakaren, so gjorde han det um att til eit anna kjerald, soleis som han vilde hava det.
5 kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
6 Skulde eg ikkje kunna gjera med dykk, Israels hus, like eins som denne krusmakaren? segjer Herren; sjå, som leiret er i krusmakar-handi, so er de i mi hand, Israels hus!
7 Stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil rykkja upp og riva ned og leggja i øyde;
8 men um det folket som eg tala um, vender um frå sin vondskap, angrar eg det vonde som eg hadde tenkt å gjera det.
9 Og stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil byggja og planta;
10 men gjer dei det som eg mislikar, og ikkje høyrer mi røyst, angrar eg det gode som eg hadde tenkt eg vilde gjera mot dei.
11 Seg no dette til Juda-mennene og Jerusalems-buane: So segjer Herren: Sjå, eg emnar ei ulukka åt dykk og tenkjer ut ei meinråd mot dykk; vend um, kvar og ein frå sin vonde veg, og retta vegane dykkar og verki dykkar!
12 Men dei segjer: Du talar fåfengt! Me vil fylgja våre eigne tankar, og kvar og ein av oss vil fylgja sitt vonde, harde hjarta.
13 Difor segjer Herren so: Spør millom heidningfolki um nokon hev høyrt slikt? Grysjelege ting hev møyi Israel gjort.
14 Tru Libanon-snøen brånar burt det høge fjellet? Eller turkast dei upp, dei framande vatni, dei svale, rennande?
15 Men mitt folk hev gløymt meg, dei brenner røykjelse for dei falske gudane; og dei fekk dei til å snåva vegane deira, dei gamle vegane, so dei gjekk stigar, ujamne vegar,
16 og soleis gjorde dei landet sitt til ei skræma, ei æveleg spott; alle som fer der framum, vert forstøkte og rister hovudet.
17 Som austanvinden vil eg spreida dei for fienden; med nakken og ikkje med andletet skal eg sjå dei deira ulukke-dag.
18 sa dei: Kom og lat oss leggja upp meinråder mot Jeremias! For det tryt ikkje lov for presten, eller råd for den vise, eller ord hjå frå Gud for profeten. Kom, lat oss slå han med tunga og ikkje bry oss det minste um det han segjer!
19 Gjev gaum etter meg, Herre, og høyr kor dei trettar med meg!
20 Skal ein løna godt med vondt? For dei hev grave ei grav for mitt liv. Kom i hug at eg stod for di åsyn og tala godt for dei, til å venda harmen din burt frå dei!
21 Difor, gjev borni deira til svolten, og lat sverdet handsama dei sjølve, og gjer konone deira barnlause og til enkjor, og lat mennene deira verta drepne av sotti og ungdomen deira slegen med sverd i striden!
22 Lat naudrop høyrast or husi deira når du let fiendeflokken brått koma yver dei! For dei hev grave ei grav til å fanga meg i og lagt løynde snaror for føtene mine.
23 Men du, Herre, kjenner alle deira meinråder mot mitt liv; gjev dei ikkje til deira misgjerning og lat ikkje deira synd verta utstroki for di åsyn! I di vreide-tid gjere du upp med dei!