1Judas synd er skrivi med jarngriffel, med demant-odd; ho er innrita på deira hjartetavla og på deira altarhorn,
2like eins som borni deira kjem i hug altari deira og Astarte-bileti deira attmed dei grøne tre på dei høge haugane.
3Du fjellet mitt på vollen! Godset ditt, alle skattane dine vil eg gjeva til herfang, like eins offerhaugane dine, til straff for den synd som er gjord i heile landet ditt.
4Då lyt du - og det er di eigi skuld - lata odelen din som eg gav deg, kvila etter deg, og eg vil lata deg træla for fiendane dine i eit land du ikkje kjenner; for ein eld hev de kveikt i min vreide, æveleg skal han loga.
5So segjer Herren: Forbanna er den mann som lit på menneske og gjer kjøt til sin arm og med sitt hjarta vik frå Herren.
6Han skal verta som ein hjelpelaus mann i heidi og ikkje få sjå at det kjem noko godt; men han skal bu på avsvidne stader i øydemarki, i eit saltlende der ingen bur.
7Velsigna er den mann som lit på Herren og hev Herren å lita på.
8Han er lik eit tre som er planta attmed vatn, og tøygjer røtene sine burt åt ein bekk, og som ikkje reddast når heten kjem, men alltid hev grønt lauv, og som ikkje syrgjer i turkår og ikkje held upp med å bera frukt.
9Svikfullt er hjarta framfor alt anna, og låkt er det; kven kjenner det?
10Eg, Herren, ransakar hjarta og røyner nyro og gjev so kvar og ein etter hans åtferd, etter frukti av hans gjerningar.
11Lik ei rapphøna som samlar ungar ho ikkje sjølv hev klekt ut, er den som vinn rikdom som ikkje er rettkomen; midt i sine dagar skal han lata han frå seg, og når han ligg på sitt siste, er han ein dåre.
12Eit herlegdomssæte, høgreist frå gamalt, er staden åt heilagdomen vår.
13Herre, du Israels von! Alle som vender seg frå deg, skal verta til skammar; dei som vik frå deg, skal verta skrivne i moldi; for dei hev vendt seg frå Herren, kjelda med det levande vatnet.
14Læk meg, Herre, so vert eg lækt! Frels meg, so vert eg frelst! For du er min lovsong.
15Sjå, dei segjer til meg: Kvar vart det av Herrens ord? Lat det koma!
16Eg hev då ikkje drege meg undan, men fylgt deg og vore hyrding, og nokon ubøtande ulukke-dag ynskte eg ikkje, du veit det; - det som kom frå lippone mine, det visste du um.
17Ver ikkje til fælske for meg! Du er mi livd på ulukke-dagen.
18Lat dei verta til skammar som forfylgjer meg, og lat ikkje meg verta til skammar! Lat dei fæla, og lat ikkje meg fæla! Lat ulukke-dagen koma yver dei, og med ei tvifeld sundkrasing krase du dei!
19So sa Herren til meg: Gakk og statt i Folkeporten, der som Juda-kongane gjeng inn og ut, og i alle portane i Jerusalem!
20Og du skal segja til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og heile Juda og alle Jerusalems-buar, de som gjeng inn gjenom desse portane!
21So segjer Herren: Vara dykk so sant de hev livet dykkar kjært, so de ikkje på sabbatsdagen ber nokor byrd og kjem inn med gjenom Jerusalemsportane!
22Og de skal ikkje bera nokor byrd ut or husi dykkar på sabbatsdagen og ikkje gjera noko slag arbeid; men de skal halda sabbatsdagen heilag, so som eg baud federne dykkar.
23Men dei høyrde ikkje og la ikkje øyra til; dei gjorde seg hardnakka, so dei høyrde ikkje og tok ikkje age.
24Men um de høyrer på meg, segjer Herren, so de ikkje på sabbatsdagen ber nokor byrd inn gjenom portane i denne byen, men held sabbatsdagen heilag og ikkje gjer arbeid den dagen,
25då skal kongar og hovdingar som sit i Davids kongsstol, koma inn gjenom portane i denne byen på vogner og hestar, dei sjølve og deira hovdingar, Juda-mennene og Jerusalems-buane, og denne byen skal standa æveleg,
26og frå Judabyane og frå landet kring Jerusalem og frå Benjaminslandet og frå låglandet og frå fjellbygdene og frå sudlandet skal dei koma og bera fram brennoffer og slaktoffer og matoffer og røykjelse, og bera fram takkoffer til Herrens hus.
27Men um de ikkje høyrer på meg, so de held sabbatsdagen heilag, og ikkje kjem med nokor byrd og ber inn gjenom Jerusalemsportane på sabbatsdagen, då vil eg kveikja eld på portane, og han skal øyda slotti i Jerusalem og ikkje slokna.