Jeremiah 14NO1938N

1Dette er Herrens ord som kom til Jeremias i turketidi:

2Juda syrgjer, og byane der ormektast; syrgjeklædde sit dei på jordi, og klageropi stig upp frå Jerusalem.

3Storfolket deira sender sine tenarar etter vatn; dei kjem til brunnane, men finn ikkje vatn; deira kjerald kjem tome attende; dei vert vonbrotne og hugfalne og sveiper inn hovudet.

4For jordi skuld, som er forfærd av di det ikkje kjem regn i landet, er bøndene vonbrotne, dei sveiper inn hovudet.

5For jamvel hindi i marki gjeng ifrå sine nyborne kalvar for di det ikkje finst gras,

6og villasen stend på snaude haugar, dei syp etter anden som sjakalar, augo deira kjenast upp for di det ikkje finst urter.

7Um våre misgjerningar vitnar mot oss Herre, so gjer då miskunn for ditt namn skuld! For mange er våre brot, mot deg hev me synda.

8Du Israels von, du frelsar i trengsletid! Kvi vil du vera som ein framand i landet, lik ein ferdamann som tek utav vegen berre for å stogga natti yver?

9Kvi vil du vera som ein forstøkt mann, lik ei kjempa som ikkje vinn hjelpa? Du bur då midt ibland oss, Herre, og me er uppkalla etter ditt namn; slepp oss ikkje frå deg!

10So segjer Herren um dette folket: Soleis likar dei å reika um; dei sparer ikkje føtene sine, og Herren hev ikkje hugnad i dei; no vil han minnast misgjerningi deira og heimsøkja dei for syndene deira.

11Og Herren sa til meg: Du skal ikkje beda um noko godt for dette folket.

12Når dei fastar, lyder eg ikkje på deira rop, og når dei ofrar brennoffer og matoffer, hev eg ikkje hugnad i dei; men med sverd og svolt og sott vil eg tyna dei.

13Då sa eg: Å, Herre, Herre! Profetane segjer då til dei: De skal ikkje sjå sverd, og de ikkje verta ute for svolt; men fred med tryggje vil eg gjeva dykk på denne staden.

14Men Herren sa til meg: Lygn spår profetane i mitt namn; Ikkje hev eg sendt dei og ikkje bede dei og ikkje tala til dei; lygn-syner og runing og fåfengeleg tale og sitt hjartans svik, det er det dei spår åt dykk.

15Difor segjer Herren so um dei profetane som talar i hans namn, endå han ikkje hev sendt dei, og som segjer at sverd og svolt ikkje skal koma i dette landet: For sverd og svolt skal dei enda sine dagar, desse profetane.

16Og folket som dei spår åt, skal liggja slengt på gatone i Jerusalem, tynt av svolt og sverd, og ingen skal jorda dei - dei sjølve, konone deira og sønene deira og døtterne deira - og eg vil renna vondska deira ut yver dei.

17Og du skal segja til dei dette ordet: Tårone trillar or augo mine natt og dag og fær ikkje stogga; for møyi, mitt folks dotter, hev fenge eit hardt slag, eit ulækjande sår.

18Gjeng eg ut på marki, sjå, der ligg folk som er drepne med sverd, og kjem eg inn i byen, sjå, der ligg dei som talmast av svolt; for både prest og profet lyt fara til eit land som dei ikkje kjenner.

19Hev du då reint støytt Juda frå deg, eller styggjest di sjel ved Sion? Kvi hev du slege oss, so det ikkje finst helsebot for oss? Me ventar på fred, men det kjem ikkje noko godt, på ei tid med helsebot, og sjå, det kjem fælske.

20Herre, me kjennest ved vår ugudlege åtferd, misgjerningi åt federne våre, at me hev synda mot deg.

21For ditt namn skuld, støyt oss ikkje frå deg, lat ikkje din herlegdoms kongsstol verta svivyrd! Kom i hug di pakt med oss og brjot henne ikkje!

22Finst det nokon av dei falske gudane åt heidningfolki som kann gjeva regn? Eller sender himmelen regnskurer av seg sjølv? Er det ikkje du, Herre vår Gud? Me stundar på deg; for du hev gjort alt dette.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.