Jeremiah 13NO1938N

1So sa Herren til meg: Gakk og kjøp deg eit linbelte og spenn det um lendene dine, men lat det ikkje koma i vatn!

2Og eg kjøpte beltet etter Herrens ord og spente det um lendene mine.

3Då kom Herrens ord til meg andre gongen, og det lydde so:

4Tak beltet som du kjøpte, det som du hev um lendene, og statt upp og gakk til Eufrat og gøym det der i ei bergriva!

5Og eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, so som Herren hadde sagt meg fyre.

6Lang tid etter sa Herren til meg: Statt upp og gakk til Eufrat og henta derifrå det beltet som eg bad deg gøyma der!

7Og eg gjekk til Eufrat og grov og tok beltet frå den staden der eg hadde gøymt det; og sjå, beltet var øydelagt, det var inkje gagn i det meir.

8Då kom Herrens ord til meg:

9So segjer Herren: Soleis vil eg gjera ende på det store ovmodet i Juda og Jerusalem.

10Dette vonde folket, som ikkje vil høyra på mine ord, som fylgjer sitt harde hjarta og fer etter andre gudar og tener og tilbed dei, det skal verta som dette beltet som det ikkje er gagn i meir.

11For liksom beltet er fastgjort um mannsens lender, soleis feste eg til meg heile Israels hus og heile Judas hus, segjer Herren, so dei skulde vera mitt folk og vera meg til frægd og til pris og til pryda; men dei høyrde ikkje.

12Og du skal segja til dei dette ordet: So segjer Herren, Israels Gud: Kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på. Då skal dei segja til deg: Veit me ikkje det då at kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på?

13Seg då til dei: So segjer Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, og kongane som sit på Davids kongsstol, og prestane og profetane og alle som bur i Jerusalem, so dei vert drukne.

14Og eg vil krasa dei, ein mot hin, både federne og borni, alle saman, segjer Herren. Eg vil ikkje liva, og ikkje spara og ikkje miskunna, so eg let vera å tyna dei.

15Høyr og gjev gaum, ver ikkje ovmodige! For Herren talar.

16Gjev Herren dykkar Gud æra, fyrr han let det myrkna, og fyrr føtene dykkar støyter seg på dei dimme fjelli! De stundar på ljos, men han gjer det til daudeskugge, og let det verta stupande myrkt.

17Men vil de ikkje høyra på dette, då lyt mi sjel syrgja i løynd yver slikt eit ovmod, og mitt auga må gråta so tårone trillar, av di Herrens hjord vert burtførd.

18Seg til kongen og til kongsmori: Set dykk lågt ned! For den prydelege kruna er falli av dykkar hovud.

19Byane i sudlandet er stengde, og ingen opnar dei; heile Juda er ført burt i utlægd, ført burt til siste mannen.

20Lyft augo dykkar og sjå dei kjem nordanfrå! Kvar er no hjordi som du hadde fenge, dei vene sauene dine?

21Kva vil du segja når han set til hovdingar yver deg dei som du sjølv hev vant på deg og havt til vener? Skulde du ikkje få flagor, som ei kvinna i barnsnaud?

22Og når du segjer i ditt hjarta: Kvi hev dette hendt meg? [so skal du vita:] For dine mange misgjerningar er din kjolefald lyft upp, dine hælar nækte med vald.

23Kann ein blåmann skifta si hud, eller ein leopard sine flekker? - Då kann de og gjera godt, de som hev vanst til å gjera vondt.

24So vil eg då spreida dei liksom halm som fyk for vind utor øydemarki.

25Dette er luten din, den deilen eg hev etla åt deg, segjer Herren, av di du hev gløymt meg og lite på lygn.

26So vil då eg og lyfta upp din kjolefald yver ditt andlet, so dei ser di skam.

27Horelivnaden din og kneggjingi di, den skamlause ulivnaden din uppå haugane på marki, ja all din styggedom hev eg set. Usæle Jerusalem! Kor lenge kjem det ikkje endå til å vara fyrr du vert rein!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.