James 5NO1938N

1Og no, de rike, gråt og barma dykk for dei ulukkone som skal koma yver dykk!

2Rikdomen dykkar er rotna, og klædi dykkar er mòl-etne;

3gullet og sylvet dykkar er burtrusta, og rusti på det skal vera til vitne imot dykk og eta dykkar kjøt som ein eld. De hev sanka skattar i dei siste dagane!

4Sjå, den løni de hev halde att for dei arbeidarar som hev skore åkrane dykkar, ho ropar, og ropet frå skurdfolket er kome inn for Herren Sebaots øyro.

5De hev levt på jordi i kjæla og etter lystene dykkar; de hev gjødt hjarto dykkar på slaktardagen!

6De hev domfelt og drepe den rettferdige; ingen gjer motstand mot dykk.

7Ver då tolmodige, brør, til Herren kjem! Sjå bonden ventar på den dyre avlingi av jordi og stundar tolmodeleg på henne, til ho fær haustregn og vårregn.

8Ver de og tolmodige og styrk hjarto dykkar! for Herrens tilkoma er nær.

9Sukka ikkje mot kvarandre, brør, so de ikkje skal verta dømde! Sjå, domaren stend for døri!

10Mine brør, tak profetane, som tala i Herrens namn, til fyredøme på lida vondt og vera tolmodige!

11Sjå, me prisar dei sæle som lid tolmodeleg. De hev høyrt um Jobs tolmod og set endelykti frå Herren; for Herren er inderleg miskunnsam og mild.

12Men framfor alt, brør, sver ikkje, korkje ved himmelen eller ved jordi eller nokon annan eid! Med lat dykkar ja vera ja og dykkar nei vera nei, so de ikkje skal falla inn under domen!

13Lid nokon av dykk vondt, han bede! er nokon ved godt mod, han lovsyngje.

14Er nokon av dykk sjuk, han kalle til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal beda yver han og salva han med olje i Herrens namn;

15og den bøni av tru skal hjelpa den sjuke, og Herren skal reisa han upp; og hev han gjort synder, skal dei verta han forlatne.

16Sanna då syndene dykkar for kvarandre og bed for kvarandre, so de kann verta lækte! Rettferdig manns bøn hev stor makt i sin verknad.

17Elias var ein mann under same vilkår som me; og han bad at det ikkje skulde regna, og det regnde ikkje på jordi på tri år og seks månader.

18Og han bad på nytt, og himmelen gav regn, og jordi bar si grøda.

19Mine brør! Um nokon av dykk hev fare vilt frå sanningi, og nokon umvender han,

20han skal vita at den som umvender ein syndar frå hans ville veg, han frelser ei sjel frå dauden og løyner ei mengd med synder.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for James 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.