James 4NO1938N

1Kvar kjem all ufreden ifrå, og kvar kjem all striden ifrå millom dykk? Er det ikkje av lystene dykkar, som strider i lemene dykkar?

2De lyster, og hev ikkje; de slær i hel og ovundast, og kann ikkje få; de ligg i strid og ufred. De hev ikkje, av di de ikkje bed;

3de bed og fær ikkje, av di de bed ille, so de kann øyda det upp i lystene dykkar.

4De utrugne! veit de ikkje at venskap med verdi er fiendskap mot Gud? Den som då vil vera ven med verdi, han vert Guds fiende.

5Eller trur de at Skrifti talar fåfengt? Med brennhug trår han etter den åndi som han hev late bu i oss, men di større er den nåden som han gjev.

6Difor heiter det: Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.

7Ver difor Gud undergjevne! Men statt djevelen imot, so skal han fly frå dykk!

8Haldt dykk nær til Gud, so skal han halda seg nær til dykk! Två hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga!

9Kjenn dykkar naud og syrg og gråt! Lat låtten dykkar vendast til sorg, og gleda til trege!

10Audmyk dykk for Herren, so han skal upphøgja dykk!

11Baktala ikkje kvarandre, brør! Den som baktalar ein bror eller dømer bror sin, han baktalar lovi og dømer lovi; men dømer du lovi, so er du ikkje ein som gjer etter lovi, men hennar domar.

12EIN er lovgjevaren og domaren, han som er mektig til å frelsa og til å tyna. Men du, kven er du som dømer næsten din?

13Og no, de som segjer: I dag eller i morgon vil me fara til den byen og vera der eit år og handla og hava vinning,

14de som ikkje veit kva som skal henda i morgon! For kva er livet dykkar? De er ein eim som er synleg ei liti stund og so kverv burt.

15I staden for at de skulde segja: Um Herren vil, so kjem me til å leva, og so skal me gjera det eller det.

16Men no rosar de dykk sjølve i dykkar storlæte. All slik ros er vond.

17Den som då veit å gjera godt, men ikkje gjer det, han hev synd for det.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for James 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.