James 1NO1938N

1Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som lever i framande land.

2Haldt det for berre gleda, mine brør, når de kjem ut i ymse freistingar,

3etter di de veit at prøvingi av trui dykkar verkar tolmod;

4men tolmodet må føra til fullkome verk, so de kann vera fullkomne og heile og ikkje vanta noko.

5Men dersom nokon av dykk vantar visdom, so bede han Gud, han som gjeve alle viljugt og utan vondord, og han skal få.

6Men han må beda i tru og ikkje tvilande; for den som tvilar, er liksom havbåra som vert drivi ikring og kasta hit og dit av vinden.

7For ikkje må det mennesket tru at han skal få noko av Herren,

8slik ein tvihuga mann, ustød på alle sine vegar.

9Men den låge broren rose seg av sin høgleik,

10og den rike av sin lågleik; for han skal kverva burt som blomen på graset;

11Soli gjekk upp med sin hete og gjorde graset turt, og blomen på det fall av, og hans fagre skapnad vart øydelagd; soleis skal og den rike visna på sine vegar.

12Sæl er den mannen som held ut i freisting! for når han hev stade ei prøva, skal han få livsens kruna, som Gud hev lova dei som elskar han.

13Ingen må segja når han vert freista: Eg vert freista av Gud. For Gud er ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen.

14Men kvar ein vert freista når han vert lokka av si eigi lyst;

15Sidan, når lysti vert med barn, føder ho synd; men når syndi er fullmogna, føder ho daude.

16Far ikkje vilt, mine kjære brør!

17All god gåva og all fullkomi gåva kjem ovantil, frå Faderen til ljosi, han som det ikkje er umbrøyte ved eller skiftande skugge.

18Etter sin vilje hev han født oss ved sannings ord, so me skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

19Det veit de, kjære brør! Men kvart menneske vere snar til å høyra, sein til å tala, sein til vreide;

20for ein manns vreide verkar ikkje det som er rett for Gud.

21Legg difor av all ureinskap og alt som er att av vondskap, og tak med spaklynde imot ordet som er innplanta i dykk, og som kann frelsa sjelene dykkar.

22Men vert slike som gjer etter ordet og ikkje berre høyrer det, elles dårar de dykk sjølve!

23For dersom nokon høyrer ordet og ikkje gjer etter det, då er han lik ein mann som skodar sitt naturlege andlet i ein spegel;

24han skoda seg sjølv og gjekk burt, og gløymde straks korleis han såg ut.

25Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held ved med det, so han ikkje vert ein gløymsam høyrar, men ein som gjer gjerningi, han skal vera sæl i si gjerning.

26Dersom nokon meiner at han er ein gudsdyrkar, og ikkje tøymer tunga si, men dårar sit eige hjarta, hans gudsdyrking er fåfengd.

27Ei rein og usmitta gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å sjå til farlause og enkjor i deira trengsla, å halda seg sjølv uflekka av verdi.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for James 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.