Hebrews 13NO1938N

1Lat broderkjærleiken vara ved!

2Gløym ikkje gjestmildskapen! for ved den hev nokre havt englar til gjester utan dei visste det.

3Kom i hug dei som er fangar, som um de var deira medfangar, dei som lid vondt, sidan de og sjølve er i lekamen!

4Ekteskapet vere i akt og æra hjå alle, og ektesengi usmitta! for lauslevande og horkarar skal Gud døma.

5Lat dykkar ferd vera utan pengehug, so de er nøgde med det de hev! for han hev sagt: Eg skal so visst ikkje sleppa deg og ikkje forlata deg,

6so me hugheilt kann segja: Herren er min hjelpar, eg vil ikkje ottast; kva kann eit menneske gjera meg?

7Kom i hug førarane dykkar, som hev tala Guds ord til dykk! gjev akt på utgangen av deira ferd, og fylg so etter deira tru!

8Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til æveleg tid.

9Lat dykk ikkje føra vilt av mangfaldige og framande lærdomar! for det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, som ikkje hev gagna dei som for med slikt.

10Me hev eit altar som dei ikkje hev lov til å eta av, dei som tener ved tjeldet;

11for dei dyr som blodet vert teke av og bore inn i heilagdomen ved øvstepresten til soning for synd, deira kroppar vert uppbrende utanfor lægret;

12difor leid og Jesus utanfor porten, so han ved sitt eige blod kunde helga folket.

13Lat oss då ganga ut til han utanfor lægret og bera hans vanæra!

14For me hev ikkje her ein varande by, men søkjer den komande.

15Lat oss då ved han alltid bera fram til Gud lovoffer, det er: frukt av lippor som lovar hans namn!

16Men gløym ikkje å gjera godt og gjeva andre med dykk! for slike offer hev Gud hugnad i.

17Fylg dykkar førarar og lyd dei! for dei vaker yver sjelene dykkar som dei som skal gjera rekneskap, so dei kann gjera det med gleda og ikkje sukkande; for det er dykk ikkje til gagn.

18Bed for oss! for me er visse på at me hev eit godt samvit, og me vil gjerne fara rett åt i alle måtar.

19Og eg bed dykk so mykje meir um å gjera dette, so eg snarare kann verta gjeven dykk att.

20Men fredens Gud, han som i kraft av ei æveleg pakts blod førde den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus, upp frå dei daude,

21han gjere dykk full-dugande i all god gjerning, so de kann gjera hans vilje, med di han verkar i dykk det som er til hugnad for han, ved Jesus Kristus! Honom vere æra i all æva! Amen.

22Eg bed dykk, brør, tak dette påminningsordet vel upp; for eg hev skrive stutt til dykk.

23Vit at bror vår Timoteus er gjeven fri; saman med han vil eg vitja dykk, um han kjem snart.

24Helsa alle dykkar førarar og alle dei heilage! Dei frå Italia helsar dykk.

25Nåden vere med dykk alle!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.