Isaiah 47NO1938N

1Stig ned og set deg i moldi, du møy, Babel-dotter! Set deg på jordi utan kongsstol, du kaldear-dotter! For ikkje skal dei lenger kalla deg den fine og kjælne.

2Tak handkverni og mal mjøl, legg sløret burt, lyft slepet upp, næk leggen, vad yver elvar!

3Dei skal nækja blygsli di, og di skam skal dei sjå; hemn vil eg taka og ikkje spara noko menneske.

4Vår utløysar, han heiter Herren, allhers Gud, Israels Heilage.

5Sit tagal, og gakk inn i myrkret, du kaldear-dotter! For dei skal ikkje lenger kalla deg dronning yver riki.

6Eg var harm på mitt folk, vanhelga min arv og gav dei i dine hender; du viste ikkje miskunn, jamvel på gamlingen la du ditt tunge åk.

7Og du sa: Til æveleg tid skal eg vera dronning; so la du ikkje det på hjarta og tenkte ikkje på endelykti.

8So høyr no dette, du som lever i dine lyster, som sit so trygg, du som segjer i ditt hjarta: Eg og ingen annan! Eg skal ikkje sitja enkja og ikkje vita kva det er å vera barnlaus!

9Båe desse ulukkor skal brått koma yver deg, på ein einaste dag, både barnløysa og enkjestand; i fullaste mål kjem dei på deg trass i dine mange trolldomskunster og all di maning.

10Du leit på vondskapen din og sa: Det er ingen som ser meg! Visdomen din og kunnskapen din hev dåra deg, so du sa i ditt hjarta: Eg og ingen annan!

11So skal det då råma deg noko vondt som du ikkje kann mana burt, og ei ulukka skal falla yver deg, som du ikkje er god til å sona burt, og brått skal det koma yver deg tjon når du ikkje varast.

12Kom no med all di maning og med dine mange trolldomskunster, som du hev streva med ifrå ungdomen! Kanskje kunde du finna hjelp, kanskje skræma ulukka burt.

13Du hev mødt deg ut med dine mange råder; lat dei so møta og hjelpa deg, himmel-granskarane, stjernekikarane, dei som kvar månad forkynner kva som skal hendast deg!

14Sjå, dei er som halm; elden brenner dei upp, dei kann ikkje berga sitt eige liv or loge-vald; det er ikkje glør til å verma seg med, ikkje bål til å sitja ikring.

15So gjeng det deg med dei du hev streva for; handelsvenene dine frå ungdomen din, dei vinglar kvar sin veg; det finst ingen som hjelper deg.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 47.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.