1Bel sig, Nebo stuper; deira bilete vert gjevne til dyr og fe; dei som de bar, vert lagde på dyr som ber seg trøytte av byrdi.
2Dei stuper og sig alle saman, dei kann ikkje berga byrdi, og sjølve lyt dei fara or landet.
3Høyr på meg, de av Jakobs hus og alle de som er att av Israels hus, de som er lagde på meg frå morslivet, som eg hev bore frå morsfanget.
4Alt til dykkar alderdom er eg den same, og til de grånar i håret, skal eg bera dykk; eg hev gjort det, og eg skal framleides lyfta dykk, eg skal bera og berga dykk.
5Kven vil de likna meg med og setja meg jamsides med? Kven vil de setja upp til jamliken min?
6Dei rister gull utor pungen og veg upp sylv på vekti, dei leiger ein gullsmed til å laga ein gud av det; so dei kann bøygja kne og tilbeda;
7dei tek han på oksli og ber han burt og set han på staden hans, so stend han der og flyt seg ikkje av flekken; ropar ein til han, so svarar han ikkje, or naudi bergar han ikkje.
8Tenk på dette og ver støde! De fråfalne, tak det til hjarta!
9Tenk på det fyrste frå fordoms tid, at eg er Gud, og ingen annan, at eg er Gud, og ingen er min like,
10eg som frå upphavet varslar enden, og frå fordom det som ikkje endå hev hendt, eg som segjer: Mi rådgjerd skal verta fullførd, og alt det eg vil, det gjer eg,
11eg som kallar ørnen hit frå aust; frå eit land langt burte ein mann som skal fullføra mi råd; som eg hev sagt det, so let eg det koma, som eg hev tenkt det, set eg det i verk.
12Høyr på meg, de stridlyndte, de som er langt burte frå rettferd!
13Eg fører mi rettferd hit, ho er ikkje langt burte, og mi frelsa drygjer ikkje; eg gjev frelsa i Sion og min herlegdom til Israel.