Isaiah 21NO1938N

1Framsegn um Havøydemarki. Som framfarande stormar i sudlandet kjem det frå øydemarki, frå det øgjelege landet.

2Ei hard syn er meg kunngjord: Ransmannen ranar, og herjaren herjar. Drag upp, du Elam! Treng på, du Media! Kvar ein sukk gjer eg ende på.

3Difor er mine lender fulle av verk, eg hev fenge rider liksom ei kvinna som skal føda. Eg vrid meg so eg ikkje kann høyra, eg er forfærd so eg ikkje kann sjå.

4Hugen min er forvildra, redsla hev teke meg. Kvelden, som eg stunda etter, hev han gjort til redsla for meg.

5Dei dukar bord, vakti vaker, dei et og drikk - upp, hovdingar, smyr skjoldane!

6For so sa Herren til meg: Gakk og set ut vaktmannen! Det han fer sjå, skal han melda.

7Og ser han ei skreid av ridarar, par um par, ei skreid av asen, ei skreid av kamelar, so skal han merka seg det, grant merka seg det.

8Då ropa han som ei løva: Herre, her stend eg på vakt so lang dagen er, og vert verande på min post natt etter natt;

9men sjå, no kjem her ei skreid av ridande menner, ridarar par um par! - Og han tok til ords og sa: Falle, falle hev Babel, og alle avgudsbileti deira hev han krasa og kasta til jordi.

10Å, du mitt knuste, mitt sundtreskte folk! Det eg hev høyrt av Herren, allhers Gud, Israels Gud, det hev eg kunngjort for dykk.

11Framsegn um Duma. Til meg ropar dei frå Se'ir: Vaktmann, kva lid det med natti?

12Vaktmannen svarar: Morgonen kjem, men natti og. Vil de spyrja, so spør - kom att!

13Framsegn mot Arabia. I skogen i Arabia skal de natta, de ferdafylgje av dedanitar!

14Ut til dei tyrstande kjem dei med vatn; dei som bur i Temalandet, kjem imot dei rømande med brød;

15for dei flyr undan sverdet, undan det dregne sverdet og den spente bogen og undan den tunge ufreden.

16For so hev Herren sagt til meg: Um eit år, so som leigekaren reknar året, skal det vera ute med all herlegdomen åt Kedar.

17Og lite skal det då vera att av bogane åt kjempone i Kedar; for Herren, Israels Gud, hev tala.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.