Isaiah 20NO1938N

1Det året då Tartan kom til Asdod, den gongen Sargon, assyrarkongen, sende han dit, og han stridde mot Asdod og hertok byen -

2i den tidi tala Herren gjenom Esaias, son åt Amos, soleis: Upp, løys hårkyrtelen av lendene dine og drag skorne av føtene dine! Og han gjorde so og gjekk naken og berrføtt.

3Då sa Herren: Liksom Esaias, tenaren min, hev gjenge naken og berrføtt, og no i tri år hev vore eit teikn og eit varsel um Egyptarland og Etiopia,

4soleis skal kongen i Assyria lata fangane frå Egyptarland og dei burtførde frå Etiopia, både unge og gamle, fara av stad nakne og berrføtte og med berr bak, til skjemsla for Egyptarland.

5Då skal dei verta forfærde og skjemmast yver Etiopia, som dei sette si von til, og yver Egyptarland, som dei var byrge av.

6Og dei som bur på denne strandi, skal segja i den tidi: Soleis gjekk det med dei me sette vår von til, med dei me flydde til etter hjelp so me kunde verta berga frå assyrarkongen. Korleis kann då me koma undan?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.