Isaiah 13NO1938N

1Framsegn um Babel, som Esaias, son til Amos, fekk i eit syn.

2Reis eit merke på skoglaust fjell, ropa høgt til dei, veifta med handi at dei kann koma og draga inn gjenom portane åt valdsherrane!

3Eg hev bode ut dei vigde mennene mine, ja, til å tena min vreide hev eg kalla kjempone mine, dei sigerbyrge, jublande skarar.

4Høyr! Ståk på fjelli som av eit stort folk! Høyr! Gny av kongerike, av folkeslag som strøymer i hop! Herren, allhers Gud, mønstrar stridsheren sin.

5Frå eit land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi.

6Skrik og jamra dykk! For Herrens dag er nær; han kjem som vald frå den Allveldige.

7Difor sig alle hender, og alle mannshjarto brånar i barmen.

8Dei reddast, ve og verk tek dei, dei vrid seg som ei fødande kvinna. Vitskræmde stirer dei på kvarandre, raude som eldslogar er dei i andletet.

9Sjå, Herrens dag kjem, grueleg og full av vreide og brennande harm, og skal gjera jordi til ei øydemark og rydja ut syndarane hennar;

10for stjernone og dei strålande stjernebileti på himmelen skal ikkje lata ljoset sitt stråla; soli er myrk når ho renn, og månen skin ikkje.

11Eg vil heimsøkja jordi for vondskapen hennar og dei ugudlege for deira misgjerning, eg vil gjera ende på storlætet til dei ovmodige og døyva trassen hjå valdsherrane.

12Eg skal gjera folk meir sjeldsynte enn fint gull, menneske meir sjeldsynte enn gull frå Ofir.

13Difor vil eg skaka himmelen, og jordi skal fara bivrande upp frå sin stad ved harmen åt Herren, allhers Gud, på i den dagen vreiden hans brenn.

14Og som eit skræmt rådyr, liksom sauer som ingen sankar, skal dei snu heim, kvar til sitt folk, og fly kvar til sitt land.

15Kvar den som vert funnen, vert gjenomstungen, og kvar den som vert gripen, skal falla for sverd.

16Småborni deira skal krasast so dei ser på det; husi deira skal verta herja og kvinnone deira valdtekne.

17Sjå, eg eggjar mot dei medarane, som ikkje bryr seg um sylv eller trår etter gull,

18og bogane deira feller gutane; med fosteret i morslivet hev dei ingen medynk, borni sparer dei ikkje.

19Og med Babel, kruna millom riki, den stolte kaldear-pryda, skal det ganga som då Gud la Sodoma og Gomorra i øyde.

20Aldri meir skal det byggjast att; frå ætt til ætt skal ingen bu der; ingen arab skal slå upp sitt tjeld der, og ingen hyrding lægra seg der med si hjord.

21Men ville dyr skal liggja der, og husi fyllast av hubro; strussar skal bu der og raggetroll hoppa ikring.

22Ville hundar skal yla i dei aude borgene, og sjakalar i vellyst-slotti. Snart stundar timen til, og dagane skal ikkje drygast ut.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.