Isaiah 12NO1938N

1I den tidi skal du segja: Eg takkar deg, Herre, for du var vreid på meg, men vreiden din kvarv, og du trøysta meg.

2Sjå, Gud er mi frelsa, eg er trygg og ottast ikkje; for Herren, Israels Gud, er min styrke og min lovsong, og han vart meg til frelsa.

3Og med fagnad skal de ausa vatn or frelse-kjeldone!

4Og de skal segja i den tidi: Takka Herren, kalla på hans namn, kunngjer bland folki hans verk, fortel at hans namn er høgt!

5Syng lov for Herren, for storverk hev han gjort! Lat heile verdi få vita det!

6Ropa av frygd og fagnad, de som bur i Sion! For stor er Israels Heilage hjå dykk!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.