Genesis 46
1 Og Israel tok ut med alt det han hadde, og då han kom til Be'erseba, ofra han slaktoffer til han som var Gud åt Isak, far hans.
2 Då tala Gud til Israel i ei syn um natti og sa: Jakob, Jakob! Og han svara: Ja, her er eg.
3 Då sa han: Eg er Gud, Gud åt far din. Ver ikkje redd for å fara ned til Egyptarland; for der vil eg gjera deg til eit stort folk!
4 Eg skal sjølv fara med deg ned til Egyptarland, og eg skal fylgja deg upp att og; det kann du lita på! Og Josef skal leggja att augo dine.
5 So tok Jakob ut frå Be'erseba, og Israels-sønene køyrde Jakob, far sin, og borni og konone sine i dei vognene som Farao hadde sendt til å henta han i.
6 Og dei tok med seg bufeet sitt og godset sitt som dei hadde lagt seg til i Kana'ansland. So kom dei til Egyptarland, Jakob og all hans ætt med han;
7 sønene og sonesønene, døtterne og sonedøtterne, heile si ætt, hadde han med seg til Egyptarland.
8 Og dette er namni på Israels-borni som kom til Egyptarland, Jakob og sønene hans: Ruben, eldste son åt Jakob,
9 og sønene åt Ruben: Hanok og Pallu og Hesron og Karmi;
10 sønene åt Simeon: Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Sohar, og Saul, som han hadde fenge med ei kana'anitarkvinna;
11 og sønene åt Levi: Gerson og Kehat og Merari;
12 og sønene åt Juda: Er og Onan og Sela og Peres og Serah - men Er og Onan døydde i Kana'ansland - og sønene åt Peres: Hesron og Hamul;
13 og sønene åt Issakar: Tola og Puva og Job og Simron;
14 og sønene åt Sebulon: Sered og Elon og Jahle'el.
15 Dette var sønene åt Lea, dei som ho fekk med Jakob i Mesopotamia, og so fekk Dina, dotter hans, i alt tri og tretti sjeler, søner og døtter.
16 Og sønene åt Gad: Sifjon og Haggi, Suni og Esbon, Eri og Arodi og Areli;
17 Og sønene åt Aser: Jimna og Jisva og Jisvi og Bria, og so Serah, syster deira; og sønene åt Bria var Heber og Malkiel.
18 Dette var borni åt Silpa, som Laban gav Lea, dotter si; ho fekk dei med Jakob, det var sekstan sjeler.
19 Og sønene åt Rakel, kona hans Jakob, var Josef og Benjamin.
20 Og Josef fekk born i Egyptarland; han fekk dei med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On; dei heitte Manasse og Efra'im.
21 Og sønene åt Benjamin: Bela og Beker og Asbel, Gera og Na'aman, Ehi og Ros, Muppim og Huppim og Ard.
22 Dette var dei borni som Jakob fekk med Rakel, i alt fjortan sjeler.
23 Og son åt Dan: Husim;
24 og sønene åt Naftali: Jahse'el og Guni og Jeser og Sillem.
25 Dette var sønene åt Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si; ho fekk dei med Jakob, i alt sju sjeler.
26 Alle dei som kom med Jakob til Egyptarland, og som var ætti ifrå han, umfram konone åt sønene hans, var alt i alt seks og seksti sjeler.
27 Og sønene åt Josef, som han fekk i Egyptarland, var tvo. Alle som kom til Egyptarland av Jakobs-ætti, var sytti sjeler.
28 Og han sende Juda fyre seg til Josef og bad at han vilde syna han vegen til Gosen. Og so kom dei til Gosenlandet.
29 Og Josef let setja fyre vogni si og for upp til Gosen, til møtes med Israel, far sin; og med same han fekk sjå han, kasta han seg um halsen på han og gret lenge med armane um halsen hans.
30 Då sa Israel til Josef: No vil eg gjerne døy, sidan eg hev set deg i andletet og veit at du endå er i live.
31 Og Josef sa til brørne sine og farsfolket sitt: No fer eg upp til Farao og bera fram bod um dette og segja: Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kana'ansland, hev kome hit til meg.
32 Og desse mennene er sauehyrdingar; dei hev stødt drive med å ala fe, og sauene og nauti sine og alt det dei eig, hev dei havt med seg hit.
33 Når so Farao kallar dykk til seg og spør: Kva hev de til leveveg?
34 so skal de svara: Fehyrdingar hev tenarane dine vore alt ifrå ungdomen og til no, både me og federne våre - so de kann få bu i Gosenlandet; for egyptarane hev ein stygg til alle sauehyrdingar.