Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Genesis 45

:
Norwegian - NO1938N
1 kunde ikkje Josef dylja tårone lenger for alle dei som stod ikring han. Han ropa: Lat alle ganga ut ifrå meg! Og det var ingen inne Josef opendaga seg for brørne sine.
2 Og han brast i og gret so høgt at egyptarane høyrde det, og dei høyrde det i huset åt Farao.
3 Og Josef sa til brørne sine: Eg er Josef. Lever far min endå? Men brørne hans kunde ikkje svara; dei stod der som dei var klumsa.
4 sa Josef til brørne sine: Kjære dykk, kom hit til meg! So gjekk dei burt til han. sa han: Eg er Josef, bror dykkar, som de selde til Egyptarland.
5 Men no skal de ikkje syta eller harmast for di de selde meg hit! Til livberging for dykk hev Gud sendt meg hit fyre dykk.
6 For no er det andre året her er svolt i landet, og endå kjem her fem år til som det korkje vert pløgt eller hausta.
7 Men Gud sende meg fyre dykk av di han vilde leiva ætt etter dykk jordi, og av di han vilde berga liv for dykk, so det vart ei stor frelsa.
8 So er det ikkje de som hev sendt meg hit, men Gud, og han hev sett meg til far for Farao og til herre yver alt hans hus og til styrar i heile Egyptarland.
9 Skunda dykk og far heim til far min og seg til han: So segjer Josef, son din: Gud hev sett meg til herre yver heile Egyptarland. Kom ned til meg! Dryg ikkje!
10 Du skal bu i Gosenlandet og vera innmed meg, både du og borni og barneborni dine, med bufeet ditt, både smått og stort, og med alt det du hev.
11 Og eg skal syta for deg der - for endå kjem det fem uår - so du ikkje skal verta utarma, korkje du eller huslyden din eller nokon av dine.
12 No ser de det med dykkar eigne augo, og Benjamin, bror min, ser det og, at det er eg som talar med dykk.
13 Ber bod til far min um all mi æra og makt i Egyptarland og um alt de hev set, og skunda dykk og kom hit att med far min!
14 So la han armane um halsen Benjamin, bror sin, og gret; og Benjamin gret og innmed barmen hans.
15 Og han kysste alle brørne sine og gret medan han heldt dei i fanget. Og sidan rødde brørne hans med han.
16 Og det spurdest i huset åt Farao at brørne hans Josef var komne, og Farao og mennene hans vart fegne.
17 Og Farao sa til Josef: Seg til brørne dine: So skal de gjera: De skal kløvja dyri dykkar og fara til de kjem heim til Kana'anslandet.
18 skal de taka far dykkar og huslydane dykkar og koma hit til meg, so skal eg eg gjeva dykk det beste i Egyptarlandet, og de skal eta av landsens feita.
19 Seg du dei frå meg: So skal de gjera: De skal taka med dykk vogner frå Egyptarland til borni og konone dykkar og henta far dykkar og koma.
20 Og de skal ikkje kvida dykk um de fara ifrå eignelutene dykkar; for det beste i heile Egyptarland skal de få.
21 Og Israels-sønene gjorde so. Og Josef gav dei vogner, som Farao hadde sagt, og gav dei niste med vegen.
22 Og han gav dei alle kvar sin høgtidsbunad, men Benjamin gav han tri hundrad sylvsekel og fem høgtidsbunader.
23 Og sameleis sende han far sin ti asen som bar alt det beste som fants i Egyptarland, og ti asenfyljor som bar og brød og mat til far hans ferdi.
24 So bad han farvel med brørne sine, og dei for av stad, og han sa til dei: De ikkje verta usamde vegen!
25 So tok dei ut frå Egyptarland og kom heim att til Jakob, far sin, i Kana'ansland.
26 Og dei bar fram bodet til han og sa: Josef er endå i live, og han er jamvel styrar yver heile Egyptarlandet. Men han var like kald i hjarta; for han trudde dei ikkje.
27 So sa dei han alt det Josef hadde sagt til dei, og han såg vognene som Josef hadde sendt til å henta han i. kvikna Jakob, far deira, i hugen.
28 Og Israel sa: Å, du store syn! Josef, son min, er endå i live! Eg vil av og sjå han fyrr eg døyr.