1Det var i fyrste styringsåret åt Kyros, persarkongen; då vekte Herren, som vilde at det skulde ganga fram det han hadde tala gjenom profeten Jeremias' munn, slike tankar i Kyros, persarkongen, at han let ropa ut i heile sitt rike og endå til kunngjera i brev:
2So segjer Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, hev gjeve meg alle kongerike på jordi, og han hev sett meg fyre at eg skal byggja eit hus åt han i Jerusalem i Judea.
3Er det nokon av dykk som høyrer til folket hans, so vere hans Gud med han, og han kann få fara upp til Jerusalem i Judea og byggja huset åt Herren, Israels Gud! Han er den Gud som bur i Jerusalem.
4Og alle som endå er att av innflytjarane, skal folket som dei bur imillom på kvar stad, hjelpa med sylv og gull og lausøyre og bufe, umfram det som dei av godvilje gjev til Guds hus i Jerusalem.
5Då budde dei seg til ferdi, ættehovdingane åt Juda og Benjamin og like eins prestane og levitane - alle som Gud hadde lagt den hugen i at dei vilde draga upp og byggja Herrens hus i Jerusalem.
6Og alle grannane deira studde uppunder med sylvty og gull og lausøyre og bufe og dyre eigneluter, attåt alt det dei gav av godvilje.
7Og kong Kyros let henta fram dei eignelutene som hadde vore i Herrens hus, og som Nebukadnesar hadde ført burt frå Jerusalem og sett inn i huset åt guden sin.
8Dei let no Kyros, persarkongen, henta fram under tilsyn av Mitredat, skattmeisteren, og han talde dei upp og gav dei til Sesbassar, Juda-hovdingen.
9Talet på dei var: tretti gullfat, tusund sylvfat, ni og tjuge offerknivar,
10tretti gullstaup, fire hundrad og ti sylvstaup av næstbeste slaget og tusund andre kjerald.
11I alt var det fem tusund og fire hundrad kjerald av gull og sylv. Alt dette førde Sesbassar med seg då dei burtflutte for frå Babel heim til Jerusalem.